Gå til sideinnhold
Heim / Innhaldsartiklar / Vossabia – ei verksemd frå naturen sitt eige apotek
Bilete - Bygda sin bank

Vossabia – ei verksemd frå naturen sitt eige apotek

Vossabia, ei lokal suksesshistorie spunnen ut av bier, trua på heilskapleg helsetenking og naturen sitt eige apotek. Bedrifta er eit døme på korleis lidenskap og uthald kan veksa til ei blømande forretning.

Renate, gründeren bak Vossabia, har teke sin kunnskap, erfaring og nysgjerrigheit om heilskapleg helsefokus og ei brennande interesse for plantar og bier, og gjort det til si livsoppgåve. På familiegarden ho overtok då foreldra hennar døyde alt for tidleg, har ho skapt ei berekraftig produksjonsverksemd som sel produkt over heile landet.

Bilete - Vossabia

Drivkrafta bak Renate sitt arbeid er ei blanding av kjærleik for naturen og viljen til å skapa noko av varig verdi også for miljøet og lokalsamfunnet. Ho starta opp for snart 20 år sidan med berre nokre få bikubar, men med ein visjon om å fremja berekraftig levevis gjennom å tilby produkt som var både miljøvennlege og av høg kvalitet. Ho såg på bier ikkje berre som honningprodusentar, men som essensielle aktørar i det å oppretthalda økosystemet. Renate sitt arbeid med Vossabia speglar eit djupt engasjement for å beskytta og styrka desse små, men kraftfulle skapningane. Ho ser på seg sjølv som ein aktivist for det naturen gjev oss, det lokale økosystemet og den handlingsborne kunnskapen. Ho hadde ikkje vore der ho er i dag utan farmora si støtte og kunnskap om gardsdrifta og kva alle vekstar og plantar rundt om garden kan nyttast til.

Bilete - Vossabia

Ei familiebedrift

Denne torsdagen me vitjar bedrifta, er dei i full gang med å få unna dei siste ordrane som har kome inn frå nettbutikken. Renate sender kvar onsdag ut eit nyhendebrev med inspirasjon, kunnskapsdeling og produktforslag til tidlegare kundar og andre som er interesserte i produkta hennar. Responsen er stor, og berre ein time etter utsending av det siste nyhendebrevet var det over 100 nye ordrar. Sist måndag venta 1300 bestillingar då dei kom på jobb.

Bilete - Vossabia

I dag er dei fem personar i full drift i verksemda, og neste generasjon er aktivt med. Eldste sonen Emil er veldig engasjert i drifta, og nyttar permisjonen frå Forsvaret til å bidra med å få ut alle ordrane som har kome inn dei siste dagane. Dottera Ylva er òg med, og ho bidreg med kreativitet og nytenking. Sjølv minstemann Jonatan på 4 år har sin eigen produksjonsbolle der han lagar sin eigen sjampo! Hjå Renate har gründerliv og familieliv alltid henge tett saman. Ungane, eller englane som ho kallar dei, har alltid vore med og fått Vossabia inn nær sagt med morsmjølka.

I tillegg til dei faste tilsette har Renate òg eit samarbeid med Styve gard, ein institusjon for ungdom mellom 15 og 18 år med ulike formar for utfordringar. Hjå Vossabia får dei koma å arbeida og ta del i drifta på lik linje med dei andre. Dei får løn for jobben og nyttig arbeidstrening. Renate er svært nøgd med innsatsen deira, og brenn for å hjelpa ungdom som anten har kome skeivt ut i starten av livet eller som ikkje passar inn i eit A4 skulesystem. Renate fortel engasjert om betydninga av at ei lita verksemd som hennar kan tilby ein plass å arbeida og vera til nytte for slik ungdom. I vekene framover skal også ei russegruppe jobba hjå Vossabia.

Bilete - Vossabia

Kvalitet over kvantitet

Veksten til Vossabia har verkeleg skote i vêret dei seinare åra. Fram til 2019 var omsetninga delt likt mellom nettbutikk, forhandlarar og eige sal på messer og marknader. Frå 2019 har nettsalet skote i vêret, og ho får stadig førespurnadar frå butikkar og andre som ynskjer å verta forhandlar av produkta hennar. Berre på Voss har ho 9 verksemder som sel produkta hennar. Ho har vore bevisst på at ho ikkje vil selja dei gjennom dei store kjedene, men at enkelte drivarar av helsekostbutikkar med stort engasjement for produkta hennar har fått lov. Faktisk er Sunkost på Amfisenteret på Voss den største forhandlaren av produkta hennar i Noreg. Her har ho tett dialog seint og tidleg med Irene som driv denne.

Renate er særleg oppteken av nærleik og dialog med kundane sine. Den får ho både gjennom dialog med forhandlarar og via nettbutikken, men òg ute på messer og marknadar. Ho er stadig på farten med sal eller føredrag. Attendemeldingar frå kundane gjev ho inspirasjon til å halda på for fullt og samstundes gjev dei ho ny kunnskap om eigne produkt og produktutvikling. Den seinaste forhandlaren av produkt frå Vossabia er Det Gule Huset på Voss. Deira fokus på gjenbruk og berekraftige lokalsamfunn passar godt saman med Renate sitt verdisyn og Vossabia sine produkt.

Vegen vidare

Når me spør Renate om framtida for Vossabia smiler ho lurt. Ho har store planar. Neste år er Vossabia 20 år og det skal markerast skikkeleg. Ikkje alle planane er heilt spikra endå, men ho har allereie klare planar om bygging av nytt stort produksjonslokale, kafé, butikk og allrom der den gamle låven på garden pleidde å stå. Eit bygg som er tenkt å nyttast på fleire vis. «Eg lyt nok snart ta meg ein tur i banken å prata med dei om planane mine» legg ho til med eit smil. Voss Sparebank har spela ei viktig rolle for Renate sitt føretak ved å tilby finansiell støtte og rådgjeving i tråd med hennar ambisjonar om berekraft og lokal vekst. Kanskje aller viktigast har vore den gode dialogen og det at banken har møtt ho på ein likeverdig måte og hatt trua på prosjekta hennar. Det har gjort ho til ein lojal kunde av bygda sin bank.

I kvar ei lita krukke med Vossabia sine honningbaserte produkt ligg det historiar om Voss sitt rike kulturlandskap, om dei tause flygarane som pollinerer blomar og tre, og om historisk kunnskap om plantar sin helsebringande effekt. Renate har vore ein katalysator for endring, ikkje berre i sitt eige selskap, men i ei næring for økologiske produkt, og ho har bidrege med auka fokus i samfunnet på naturen sine helseeffektar.

Bilete - Vossabia

Innsatsen hennar for å fremja berekraftig forbruk er eit døme for andre, og viser at det er mogleg å skapa ei framtid der økonomisk gevinst og miljøvern går hand i hand. Med Vossabia har Renate ikkje berre bygd eit selskap; ho har bidrege til å knyta saman gamal kunnskap om naturen sine helseeffektar med nymotens forretningsdrift via digitale kanalar, samstundes som ho bidreg til lokal handel og god sirkulær økonomi.