Gå til sideinnhold
Heim / Mitt kundeforhold / Legitimasjon
Bilete - Illustrasjon Legitimasjon

Legitimasjon

Banken er pålagt å henta inn legitimasjon frå deg både når du vert kunde hjå oss, og undervegs i kundeforholdet. Det betyr at du av og til vil få melding frå oss om at me treng å få inn ny gyldig legitimasjon.

Det er styresmaktene som pålegg bankane å sørgja for at legitimasjonen me har registrert på deg er oppdatert, og å henta inn ny gyldig og oppdatert legitimasjon når denne ikkje lenger tilfredsstiller gjeldande krav.

Kva er gyldig legitimasjon?

  • Norske og utanlandske pass
    (ikkje naudpass)
  • Norsk nasjonalt ID-kort
  • Norske førarkort
  • Norske bankkort med bilete
  • Nasjonale ID-kort
    (utsteda av eit EØS-land)
  • Norsk utlendingspass
  • Norsk reisebevis for flyktningar
  • BankID frå annan bank

Legitimasjonsdokumentet må vera gyldig, det vil seia at det ikkje kan vera utgått på dato den dagen du syner det til banken.

BankID og bankkort med ID

For å få BankID og bankkort med ID på baksida, er det krav om personleg oppmøte med pass eller nasjonalt ID-kort.

Korleis kan du legitimera deg?

Personleg oppmøte i banken

Har du gyldig legitimasjon og bur i nærleiken av Voss? Då kan du koma innom banken og syna oss legitimasjonen din. Du må ta med originaldokumentet. For tenestene BankID og bankkort med bilete er det krav om personleg oppmøte med pass eller nasjonalt ID-kort.

Digital legitimering med BankID

Dette gjeld for deg som har BankID frå ein annan bank enn Voss Sparebank. Dersom dette er tilfellet, kan du legitimera deg digitalt ved å logga inn med BankID.

Send inn bilete av passet ditt

Dette er aktuelt for deg som har gyldig pass, og har nettbank og/eller mobilbank i Voss Sparebank.

Ta bilete av passet ditt, både sida med bilete og sida med signatur. Det er viktig at biletet vert teke rett ovanfrå og ned, og er av god kvalitet. I tillegg tek du eit bilete av deg sjølv der du held opp legitimasjonen din attmed ansiktet.

Desse bileta sender du oss via meldingstenesta i nettbanken/mobilbanken. Dette er ein sikker kanal.

Stadefesta papirkopi av pass

Dersom du har lang veg til Voss og ikkje kan nytta alternativa ovanfor, kan du senda oss ein stadfesta kopi av legitimasjonen.

Stadfesta kopi kan du få ved å legitimera deg hjå ein annan bank, politi, NAV, domstol, finansføretak, kredittføretak, verdipapirføretak, eigedomsmeklar, revisor, rekneskapsførar eller advokat. Om du er i utlandet tek du kontakt med konsulat, ambassade, notarius publicus eller bank.

Kopien skal vera i fargar. Institusjonen som tek kontrollen skal skriva på dato, signera med lesleg signatur og stempla.

Kopien sender du til

Voss Sparebank
Postboks 50
N-5701 VOSS
Noreg

Frist

Om me ikkje får inn legitimasjon innan fristen du har fått oppgjeve, krev styresmaktene at me sperrar kontoen din. Det er difor svært viktig at du viser oss legitimasjon når me ber om det.

Noko du lurer på?

Ta gjerne kontakt med oss viss det er noko du lurer på rundt legitimasjon.