Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Lån

Kaskofritt billån

Gjennom Brage Finans tilbyr banken også billån utan krav om kasko. Eit kaskofritt billån har ei høgare rente, men pris på forsikring og lånekostnader er lagt i saman.

Viss du skal kjøpa ein eldre og billegare bruktbil mellom 30.000 og 150.000 kroner kan du få finansiering sjølv om du berre teiknar ansvarsforsikring. Eit kaskofritt billån har ei høgare rente, men pris på forsikring og lånekostnader lagt i saman, blir ofte billegare på lånebeløp inntil 150.000 kroner.

Viss du vurderer å ta opp eit kaskofritt billån kun med ansvarsforsikring, er det viktig at du er klar over at forsikringa ikkje vil dekkja restgjelda på billånet om du skulle vera så uheldig å måtte vraka bilen.

Om du ynskjer forsikringsdekning utover ansvarsforsikring, kan du teikna ei delkaskoforsikring som dekkjer ansvar, tap og skade på eige køyrety ved brann, tjuveri, glasskade og veghjelp, i tillegg til skadar på fastmontert utstyr og lausøyre. Full kaskoforsikring omfattar i tillegg til dette skadar på eigen bil ved kollisjon, hærverk, utforkøyring og velt.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne viss du vil ha meir informasjon om lån i Brage Finans.

Nominell rente frå

9,95 %

Effektiv rente 13,23 %

————————————————

Priseksempel kaskofritt billån
Lånebeløp kr 100.000,-, annuitet over 5 år. Nominell rente 9,95 % p.a. Effektiv rente 13,23 % p.a. inkl. etableringskostnad kr 1.500,- og termingebyr kr 95,-.
Totalt kr 136.875,-.

Bruk billånkalkulatoren nedanfor til å rekna ut lånebehovet ditt. Når du klikkar på «Få tilbud», vert du sendt vidare til Brage Finans sitt søknadssystem.

Billånkalkulator – delkasko