Gå til sideinnhold
Heim / Om tryggleik / BankID SMS-svindel

BankID SMS-svindel

Fleire av kundane våre har motteke SMS-ar som gir seg ut for å koma frå BankID. Bodskapen kan variera, men dei fleste skriv at din BankID er sperra eller snart vil verta sperra, og at du må klikka på ei lenkje for å løysa problemet.

Ikkje klikk på lenkja!

Me tilrår at du slettar meldinga viss du mottek ein slik SMS.

Her er døme på korleis ein slik svindel-SMS kan sjå ut, men hugs at den kan førekoma i ulike variantar.

Viss du har klikka på lenkja, og gitt frå deg kort- og/eller BankID-informasjon, må du kontaka oss snarast mogeleg!

Bilete - Eksempel Svindel
Bilete - Eksempel Svindel