Gå til sideinnhold
Heim / Om tryggleik / Ikkje la deg lura!

Ikkje la deg lura!

Me registrerer at det i det siste har vore aukande aktivitet kring phishing- og svindelforsøk. Desse gjev seg ut for å vera frå ulike avsendarar  – til dømes Posten, Postnord og DHL. Fellesnemnar for desse er ofte at ein må betala eit lite beløp for at ei pakke skal verta utlevert.

Me har også sett eksempel på e-postar som gjev seg ut for å vera sendt frå andre bankar, EuroCard, Apple, Finanstilsynet m.fl. Nedanfor ser du nokre eksempel på falske e-postar me har sett er i omløp.

Me oppmodar generelt om å vera varsam med kva sider du vitjar, og meldingar du får på e-post, SMS eller via sosiale medium. Ver skeptisk til å trykkja på lenkjer og vedlegg i e-post og meldingar der du ikkje kjenner avsendaren, eller der bodskapen er uventa eller uklår.

Eksempel

Bilete - Eksempel Svindel
Bilete - Eksempel Svindel
Bilete - Eksempel Svindel
Bilete - Eksempel Svindel
Bilete - Eksempel Svindel
Bilete - Eksempel Svindel