Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / BankID på mobil vert fasa ut
Bilete - Illustrasjon BankID

BankID på mobil vert fasa ut

BankID App vil snart ta over for BankID på mobil. Utfasinga skjer for å gjera det endå tryggare og enklare for deg å bruka BankID.

Det er planlagt ei gradvis utfasing av BankID på mobil frå 1. september. Det fyrste som vil skje er at ein stengjer for nye BankID på mobil-aktiveringar. BankID på mobil vil halda fram å fungera for dei som alt har ein aktiv BankID på mobil, men dersom du skulle ha behov for å aktivera BankID på mobil på nytt etter september, til dømes viss du mistar telefonen din, byter mobiloperatør, eller får nytt SIM-kort, så vil ikkje det lenger vera mogeleg. Då må du i staden ta i bruk BankID App.

Du kan lesa meir om BankID App og bakgrunnen for utfasinga av BankID på mobil på BankID sine nettsider.

Sjekk dette før du lastar ned og aktiverer BankID App

  • Sjekk om du har ein aktiv BankID
    Dette kan du gjera i nettbanken din eller på bankid.no. Dersom det er lenge sidan du har brukt BankID med kodebrikke, kan det henda at BankID-en din er gått ut. Viss det er tilfelle, vil du ikkje få aktivert appen. Ny BankID kan du aktivera i nettbanken din.
  • Hugsar du BankID-passordet ditt?
    Du treng BankID-passordet ditt når du skal bruka appen. Viss du har gløymt passordet ditt, tek du kontakt med oss i banken.

Aktiver BankID App

Last ned appen til mobilen din:

Mobilen din må har iOS 12/Android 6 eller nyare for å kunna installere appen.

Etter at appen er installert på mobilen, aktiverer du den ved å bruka ein av desse tre metodane:

  • BankID med kodebrikke
  • BankID på mobil
  • Kodar på SMS og e-post

Det er lurt å tillata varslingar på mobilen din. Då vert det enklare å bruka BankID.

Når aktiveringsprosessen er gjennomført, kan du bruka BankID App neste gong du loggar inn eller signerer med BankID.

Fyrste gong etter aktivering må du velja appen som metode. Du kan alltid endra metode seinare under valet «Velg annen BankID».