Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / BankID-svindel på SMS
Bilete - Åtvaring Svindel BankID

BankID-svindel på SMS

Me registrerer at det er falske SMS-ar i omløp som omhandlar BankID.

I dømet nedanfor nyttar svindlarane overgangen til BankID App som tema. Det kan også vera andre variantar i omløp, så me oppmodar deg om å vera på vakt. Dersom du mottek andre variantar av slik svindel på SMS eller e-post, er me interessert i å få tilbakemelding om det.

Du kan også lesa meir om tryggleik og svindel relatert til BankID på BankID sine eigne nettsider.

Generelt må du aldri gje frå deg personleg informasjon som passord eller PIN-kodar, aktiveringskodar for BankID, BankID App og/eller Mobilbank, eller kortinformasjon til nokon. Klikk heller ikkje på lenkjer eller opna eventuelle dokument eller andre filer som ligg vedlagt i slike SMS-ar eller e-postar.

Bilete - Åtvaring Svindel BankID