Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Betaling Utland

Betalingar til Russland, Ukraina og Kviterussland

På grunn av konflikta som pågår i Ukraina er det store svingingar i valutamarknaden, og det er uvisse kring betalingar til og frå Russland, Ukraina og Kviterussland.

Slik situasjonen er no kan ikkje Voss Sparebank garantera at betalingar, uavhengig av valuta, kjem fram til mottakarar i desse landa. Både USA, Storbritannia og EU har innført ei lang rekkje med sanksjonar mot personar, selskap og bankar, og ytterlegare tiltak er venta. Det er risiko for at utgåande og inngåande betalingar kan verta avvist eller frosne.

Me held oss til det gjeldande sanksjonsregelverket, og transaksjonar som kjem inn under sanksjonar vil ikkje verta utført. Du som kunde må difor sjølv vurdera i kva grad det er naudsynt å gjera betalingar no.

Me vil gjera merksam på at du har eit sjølvstendig ansvar for å vurdera om betalingar og sending av varer er i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande sanksjonsregelverk. Meir informasjon om dette finn du på Utanriksdepartementet sine nettsider.