Enklare bruk av BankID
BankID har no vorte både enklare og raskare å bruka. Framover vil du på stadig fleire brukarstader kunne logga inn med ansiktsattkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode i BankID-appen.
Brukaropplevinga av BankID skal no verta endå betre etter at biometri i BankID App vart lansert rett etter påske. Bruk av biometri gjer at innlogging med BankID både vert raskare og smidigare. Medan innlogging med BankID på mobil tek om lag 30 sekund, vil det ta under 10 sekund å logga inn med BankID App og biometri.
Raskare BankID vil verta meir og meir utbreidd med tida, og ambisjonen er at du i framtida skal kunne bruka innlogging med ansiktsattkjenning, fingeravtrykk eller PIN-kode i dei aller fleste tilfella. Dette vil i stor grad erstatta dagens bruk av passord i appen. Målet er at passord i framtida kun må nyttast ved større transaksjonar, og ved signering av dokument.
Å ta i bruk biometri i BankID vil skje gradvis, og du som brukar vil oppleva å måtte bruka passordet ditt i mange tilfelle ei god stund framover. Det er heller ikkje eit krav til brukarstadene å ta i bruk biometri i BankID, men vert tilrådd fordi det vil gje brukarane ei betre brukaroppleving.
Kom i gang med biometri i BankID App
Nedanfor ser du korleis du kjem i gang med biometri i BankID App – avhengig av om du er ny eller eksisterande app-brukar.
Ny App-brukar
Som ny brukar av BankID App kan du aktivera BankID med biometri når du aktiverer appen.
Last ned appen til mobilen din:
Deretter fylgjer du instruksane i appen for å aktivera biometri i appen.
Viss du ikkje får aktivert biometri i BankID App når du aktiverer appen, bør du sjekka om biometri-funksjonaliteten på telefonen eller nettbrettet du nyttar er aktivert.
Eksisterande App-brukar
Du som allereie nyttar BankID App kan opne appen, og deretter klikke på «Min BankID».
Deretter fylgjer du instruksane i appen for å aktivera biometri i appen.
Viss du ikkje får aktivert biometri i BankID App, bør du sjekka om biometri-funksjonaliteten på telefonen eller nettbrettet du nyttar er aktivert.