Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Falsk oppringing
Bilete - Illustrasjon Svindel

Falsk oppringing

Me har registrert tilfelle der kundar har vorte oppringt frå det som ser ut til å vera banken sitt telefonnummer 56 52 03 00, men som i verkelegheita er svindlarar som prøver å lura til seg sensitiv informasjon.

Eit konkret eksempel me har registrert gjekk ut på fylgjande:

«Banken» ringte til ein kunde for å opplysa om at «banken» hadde stoppa nokre mistenkjelege transaksjonar. Vidare vart det nemnt i samtalen at beløpsgrenser kanskje burde justerast, spesielt mot utlandet.

Mot slutten av samtalen gjekk «personen i banken» over til be om opplysningar som til dømes personnummer, truleg då for å kunne «hjelpa» kunden med alt dette.

Me veit også om andre variantar, der «banken» har bedt om passord til nettbank, mobilbank eller BankID, kodar frå kodebrikka, aktiveringskodar for mobilbank- eller BankID-app, kortinformasjon og liknande.

Banken vil aldri ta kontakt for å be om informasjon som personnummer, BankID, passord og PIN-kodar, eller eingongskodar frå kodebrikka.

Kontakt oss dersom du har fått ei slik uvanleg oppringing!

Slik føregår dette

Metoden som vert nytta for å skjula kva nummer ein verkeleg ringjer frå og framstår som eit anna, vert kalla «spoofing».

Det å lura oss til å gje frå oss sensitiv informasjon via e-post (phishing) eller SMS (smishing) er velkjende metodar.

Det å ringja til oss og utgje seg for å vera nokon andre, og på den måten få oss til å gje frå oss sensitiv informasjon er ein metode som vert meir og meir nytta. Dette vert kalla «vishing» (voice phishing). Fellesnemnar for desse og andre metodar er sosial manipulering, der svindlarane spelar på kjensler som frykt, tillit, freisting, og ei oppleving av tidspress og hastverk for å få oss til oppgje informasjon me ikkje burde oppgje.

Nedanfor finn du lenkjer til eit par informative artiklar om mellom anna dette på Telenor sine sider.