Gjenbruksstipend 2023
Sit du på ein god idè til meir gjenbruk i verksemda di, men har ikkje heilt midlane til å realisera den?
No kan du søkja om midlar frå IHM, Voss Sparebank og Hardanger og Voss Næringshage, slik at me saman kan bidra til ei meir bærekraftig utvikling i framtida.
Kven kan søkja?
- Alle verksemder og gründerar knytt til kommunane Voss, Ulvik og Eidfjord, som sit på ein god idè til mindre svinn og meir gjenbruk.
- Frivillige lag og organisasjonar kan ikkje søkja.
For etablerte verksemder vil det bli lagt vekt på at prosjektet/aktiviteten er nyskapande og bidreg til auka gjenbruk i eksisterande drift.
Kva kan ein søkja om?
- Utvikling av løysingar som reduserer svinn og forsøpling.
- Løysingar som sikrar sirkulasjon av produkt, komponent og material lengst mogleg.
- Tiltak som fremjar sirkulær utvikling og som bidreg til auka samarbeid på tvers i næringslivet.
- Prosjekt som bidreg til å realisera idèar innan gjenbruk og sirkulære løysingar.
Søknadsfrist er 1. mars 2023
Skjemaet er ikkje aktivt.
Søknadsfristen er gått ut.