Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Hald mobilen din oppdatert
Bilete - Illustrasjon Mobilbank

Hald mobilen din oppdatert

Å halda mobilen oppdatert er noko av det viktigaste du kan gjera for å sikra både tryggleik, stabilitet og brukaroppleving.

Uavhengig av kva operativsystem (OS) telefonen din køyrer på, iOS eller Android, er det viktig å halda desse oppdatert, og installera dei oppdateringane som vert publisert.

Det er også viktig å installera nye versjonar av appane du har på mobiltelefonen din når desse vert gjort tilgjengelege.

Mobilbank

Mobilbanken vår set krav til både operativsystem og app-versjon for å fungera.

Per i dag gjeld fylgjande krav:

  • iOS – Versjon 17.0 eller nyare
  • Android – Versjon 10.0 eller nyare

Minimumsversjon av appen er 2.75.

Dei til ei kvar tid gjeldande krav vil du finna på sida med info om Mobilbank.

Tips

Å bruka nokre minutt på oppdateringar med jamne mellomrom kan spara deg for både frustrasjon og tryggleiksproblem seinare. Slå gjerne på automatiske oppdateringar slik at mobilen tek seg av dette for deg!

Kvifor er det viktig å oppdatere?

Betre tryggleik
Kvar dag vert det oppdaga nye tryggleikshol og sårbarheiter i programvare. Når du oppdaterer operativsystemet og appane dine, får du dei nyaste tryggleiksoppdateringane som vernar deg mot virus, svindel og datainntrenging.

Stabilitet og betre yting
Oppdateringar rettar feil og forbetrar funskjonar. Det kan føre til at mobilen vert raskare, meir stabil og mindre utsett for krasj. App-oppdateringar kan òg retta feil som påverkar brukaropplevinga negativt.

Nye funksjonar
Mange oppdateringar inneheld nye og nyttige funksjonar. Ved å halda både operativsystem og appar oppdaterte får du tilgang til dei nyaste løysingane og forbetringane som utviklarane tilbyr.

Kompatibilitet
Nyare appar krev ofte nyare versjonar av operativsystemet. Dersom du ikkje oppdaterer, kan du oppleva at enkelte appar sluttar å fungere, eller at du ikkje får installert nye appar.