Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Jol og nyttår 2021
Bilete - Illustrasjon Kalender

Jol og nyttår 2021

I samband med jole- og nyttårshelga gjeld eigne opningstider i banken, og spesielle fristar og tidspunkt for innlevering, registrering og utføring av betalingsoppdrag.

Viktige tidspunkt

31. desember – kl. 13:30
Frist for innanlandsbetalingar

31. desember – kl. 11:00
Frist for utanlandsbetalingar

Opningstider

23. desember09:00 – 16:30
24. desemberStengt
25. – 26. desemberStengt
27. – 30. desember09:30 – 14:00
31. desember09:00 – 12:00
1. januarStengt
2. januarStengt
3. januar09:00 – 15:30

Innleveringsfristar

Innanlandsbetalingar

Betalingar som vert registrert i sjølvbetjeningskanalane i perioden 24. – 26. desember, og betalingar som er registrert tidlegare med forfall i same periode, vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er måndag 27. desember.

Siste bankdag i 2021 er fredag 31. desember. For å vera sikker på at betalingstransaksjonar vert bokført inneverande år, må betalingar med forfallsdato 31.12.2021 vera registrert og godkjent innan 31.12.2021 – kl. 13:30

Utanlandsbetalingar

Siste forfallskøyring for utanlandsbetalingar før jol er torsdag 23. desember kl. 18:30. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er måndag 27. desember.

Siste forfallskøyring før nyttår er fredag 31. desember kl. 11:00. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama måndag 3. januar 2022.

Elektroniske meldingar

Hugs at du kan motta meldingar frå banken elektronisk i nettbanken/mobilbanken. Fordelen med elektroniske meldingar framfor utsending via post, er at du får meldingane så snart dei er produsert.

Ta kontakt med oss viss du ikkje alt får elektroniske meldingar.