Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Jul

Jol og nyttår 2022

I samband med jole- og nyttårshelga gjeld eigne opningstider i banken, og spesielle fristar og tidspunkt for innlevering, registrering og utføring av betalingsoppdrag.

Viktige tidspunkt

30. desember – kl. 13:30
Frist for innanlandsbetalingar

30. desember – kl. 18:45
Frist for utanlandsbetalingar

Opningstider

23. desember09:00 – 15:30
24. desemberStengt
25. – 26. desemberStengt
27. – 30. desember09:30 – 14:00
31. desemberStengt
1. januarStengt
2. januar09:00 – 15:30

Innleveringsfristar

Innanlandsbetalingar

Betalingar som vert registrert i sjølvbetjeningskanalane i perioden 24. – 26. desember, og betalingar som er registrert tidlegare med forfall i same periode, vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er tysdag 27. desember.

Siste bankdag i 2022 er fredag 30. desember. For å vera sikker på at betalingstransaksjonar vert bokført inneverande år, må betalingane registrerast med forfallsdato 30.12.2022, og vera godkjent innan 30.12.2022 – kl. 13:30.

Utanlandsbetalingar

Siste forfallskøyring for utanlandsbetalingar før jol er fredag 23. desember kl. 18:45. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er tysdag 27. desember.

Siste forfallskøyring før nyttår er fredag 30. desember kl. 18:45. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama måndag 2. januar 2023.

Elektroniske meldingar

Hugs at du kan motta meldingar frå banken elektronisk i nettbanken/mobilbanken. Fordelen med elektroniske meldingar framfor utsending via post, er at du får meldingane så snart dei er produsert.

Ta kontakt med oss viss du ikkje alt får elektroniske meldingar.