Jol og nyttår 2023
I samband med jole- og nyttårshelga gjeld eigne opningstider i banken, og spesielle fristar og tidspunkt for registrering og utføring av betalingsoppdrag.
Viktige tidspunkt
29. desember – kl. 13:30
Frist for innanlandsbetalingar
29. desember – kl. 11:00
Frist for utanlandsbetalingar
Opningstider
22. desember | 09:00 – 15:30 |
23. desember | Stengt |
24. desember | Stengt |
25. – 26. desember | Stengt |
27. – 29. desember | 09:30 – 14:00 |
30. desember | Stengt |
31. desember | Stengt |
1. januar | Stengt |
2. januar | 09:00 – 15:30 |
Innleveringsfristar
Innanlandsbetalingar
Betalingar som vert registrert i sjølvbetjeningskanalane i perioden 23. – 26. desember, og betalingar som er registrert tidlegare med forfall i same periode, vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er onsdag 27. desember.
Siste bankdag i 2023 er fredag 29. desember. For å vera sikker på at betalingstransaksjonar vert bokført inneverande år, må betalingane registrerast med forfallsdato 29.12.2023, og vera godkjent innan 29.12.2023 – kl. 13:30.
Utanlandsbetalingar
Siste forfallskøyring for utanlandsbetalingar før jol er fredag 22. desember kl. 18:45. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er onsdag 27. desember.
Siste forfallskøyring før nyttår er fredag 29. desember kl. 11:00. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama tysdag 2. januar 2024.
Elektroniske meldingar
Viss du har nett- og/eller mobilbank, vil du som standard motta/finna meldingar frå banken – som til dømes årsoppgåve og kontoutskrifter elektronisk via desse kanalane.
Fordelen med elektroniske meldingar framfor utsending via post, er at du får meldingane så snart dei er produsert.
Ta kontakt med oss viss du ikkje alt får elektroniske meldingar.