Jol og nyttår 2024
I samband med jole- og nyttårshelga gjeld eigne opningstider i banken, og spesielle fristar og tidspunkt for registrering og utføring av betalingsoppdrag.
Viktige tidspunkt
31. desember – kl. 13:30
Frist for innanlandsbetalingar
31. desember – kl. 11:30
Frist for utanlandsbetalingar
Opningstider
23. desember | 09:00 – 15:30 |
24. desember | Stengt |
25. – 26. desember | Stengt |
27. desember | 09:30 – 14:00 |
28. – 29. desember | Stengt |
30. desember | 09:30 – 14:00 |
31. desember | 09:00 – 12:00 |
1. januar | Stengt |
2. januar | 09:00 – 15:30 |
Innleveringsfristar
Innanlandsbetalingar
Betalingar som vert registrert i sjølvbetjeningskanalane i perioden 24. – 26. desember, og betalingar som er registrert tidlegare med forfall i same periode, vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er fredag 27. desember.
Siste bankdag i 2024 er tysdag 31. desember. For å vera sikker på at betalingstransaksjonar vert bokført inneverande år, må betalingane registrerast med forfallsdato 31.12.2024, og vera godkjent innan 31.12.2024 – kl. 13:30.
Utanlandsbetalingar
Siste forfallskøyring for utanlandsbetalingar før jol er måndag 23. desember kl. 18:45. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama fyrste bankdag i jola – som i år er fredag 27. desember.
Siste forfallskøyring før nyttår er tysdag 31. desember kl. 11:30. Betalingar som vert registrert etter dette tidspunktet vert handsama torsdag 2. januar 2025.
Elektroniske meldingar
Viss du har nett- og/eller mobilbank, vil du som standard motta/finna meldingar frå banken – som til dømes årsoppgåve og kontoutskrifter elektronisk via desse kanalane.
Fordelen med elektroniske meldingar framfor utsending via post, er at du får meldingane så snart dei er produsert.
Ta kontakt med oss viss du ikkje alt får elektroniske meldingar.