Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Kundane stadfestar styrken i lokalbanken!
Bilete - Rådgjevarar privatmarknad

Kundane stadfestar styrken i lokalbanken!

Årets EPSI-undersøking gir LOKALBANK svært gode resultat.

Blant tradisjonelle sparebankar ligg me heilt i toppen. Det er me stolte av! For oss i Voss Sparebank er dette ei viktig stadfesting på at kombinasjonen av lokalt nærvær og styrken i eit større fellesskap fungerer.

Gjennom LOKALBANK samarbeider me om teknologi, kompetanse og gode løysingar – samtidig som me beheld det som er viktigast for oss: nærleiken til kundane, lokalmiljøet og den personlege rådgevinga.

For det er menneska som gjer forskjellen. Den opne døra, gode samtalar og rådgevarar som kjenner både kundane og lokalsamfunnet, skal framleis stå sentralt.

Me er stolte av å vere ein del av LOKALBANK – og takkar alle tilsette, rådgevarar og samarbeidspartnarar som kvar dag bidreg til å skape ein sterkare lokalbank.

Takk til kundane våre for tilliten!

Bilete - Illustrasjon resultat EPSI 2026
Bilete - Illustrasjon resultat EPSI 2026