
Ledig stilling
Rådgjevar for privatkundar
100 % fast stilling
Brenn du for personleg økonomi og gode kundeopplevingar? Kommuniserer du godt med andre menneske? No har du ein fin sjanse til å få jobb i Voss Sparebank som rådgjevar for privatkundar innan kreditt, forsikring og sparing.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Vera ein økonomisk sparringspartnar for kundane ved å gje råd om sparing, forsikring, pensjon og personleg økonomi.
- Arbeida proaktivt for å få inn nye låne- og forsikringskundar.
- Fylgja opp eige kundeportefølje på telefon, e-post, video og i fysiske møter.
- Kredittvurdera kundane og gje lån innanfor definerte fullmakter og regelverk.
Kvalifikasjonar
- Du har eit brennande engasjement for personleg økonomi og kunderelasjonar.
- Du har arbeidsrøynsle og utdanning som er fagleg relevant.
- Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjonsløpet for kreditt, skadeforsikring, livsforsikring og sparing/plassering.
Personlege eigenskapar me legg vekt på
- Du er truverdig, kompetent og skapar tillit hjå kundane.
- Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.
- Du er oppteken av nøyaktig og godt arbeid, utan at det går ut over effektiviteten.
- Du ynskjer å skapa resultat og godt omdøme for banken.
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og ein solid og trygg arbeidsplass i ljose og moderne lokale på Vangen.
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
- Bedriftsidrettslag og treningsrom i banken.
Voss Sparebank og samfunnsengasjement
Me er opptekne av at Voss og områda rundt skal vera ein bra plass å bu. Banken bidreg til dette med gåver og sponsing i lokalsamfunnet. Som tilsett i banken forventar me at også du deler vårt engasjement for lokalsamfunnet og banken.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 18.09.2022.
Kortfatta søknad med CV kan sendast til Voss Sparebank på e-post [email protected].
Spørsmål
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
- Leiar privatmarknad Kari Hernes: 479 30 332
- Banksjef Jørund Rong: 479 30 335