Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Ledig stilling
Bilete - Vangsgata 18

Ledig stilling

Forsikringsrådgjevar
100 % fast stilling

Voss Sparebank er distributør for Frende Forsikring, og me søkjer no etter ein forsikringsrådgjevar som kan styrka arbeidet vårt på forsikringsområdet. Ut frå ynskjer og kvalifikasjonar til søkjarane, vil me vurdera kva forsikringsområder ein får ansvar for. Aktuelle område er privat-, bedrifts- og landbruksforsikringar, eller ein kombinasjon av desse.

Brenn du for gode kundeopplevingar, sal og gode råd? Tykkjer du forsikring er spanande? No har du ein fin sjanse til å få jobb i Voss Sparebank som forsikringsrådgjevar. Du vil også få høve til å arbeida med kreditt og sparing.

Sentrale arbeidsoppgåver
  • Rådgjeving og sal av livs- og skadeforsikring og pensjon.
  • Arbeida proaktivt for å få inn nye forsikringskundar.
  • Ha det faglege ansvaret for forsikring i Voss Sparebank.
  • Vera ein økonomisk sparringspartnar for kundane ved å gje råd om forsikring og personleg økonomi.
  • Fylgja opp eige kundeportefølje på telefon, e-post, video og i fysiske møter.
Kvalifikasjonar
  • Du kan forsikring og har erfaring frå forsikringssal eller anna erfaring frå eit forsikringsselskap. Dette er ikkje til hinder for at motiverte kandidatar med salsbakgrunn med interesse for forsikring, kan søkja.
  • Du har arbeidsrøynsle og utdanning som er fagleg relevant for stillinga.
  • Du har autorisasjon i Skadeforsikring og Personforsikring frå FinAut. Om du ikkje har det, må du gjennom autorisasjonsløpa ved oppstart i stillinga.
Personlege eigenskapar me legg vekt på
  • Du er truverdig, kompetent og skapar tillit hjå kundane.
  • Du trivst aller best når du har kundekontakt og det er travelt.
  • Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.
  • Du er oppteken av nøyaktig og godt arbeid, utan at det går ut over effektiviteten.
  • Du ynskjer å skapa resultat og godt omdøme for banken.
Me tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø og ein solid og trygg arbeidsplass i ljose og moderne lokale på Vangen.
  • Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
  • Bedriftsidrettslag og treningsrom i banken.
Voss Sparebank og samfunnsengasjement

Me er opptekne av at Voss og områda rundt skal vera ein bra plass å bu. Banken bidreg til dette med gåver og sponsing i lokalsamfunnet. Som tilsett i banken forventar me at også du deler vårt engasjement for lokalsamfunnet og banken.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 18.09.2022.

Kortfatta søknad med CV kan sendast til Voss Sparebank på e-post [email protected].

Spørsmål

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

  • Leiar privatmarknad Kari Hernes: 479 30 332
  • Banksjef Jørund Rong: 479 30 335