Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Ny finansavtalelov
Bilete - Illustrasjon Rådgjeving

Ny finansavtalelov

1. januar 2023 tek ny finansavtalelov til å gjelda. Lova sitt hovudføremål er å styrkja dine rettar, og førebyggja gjeldsproblem. Den har med andre ord til føremål å ta vare på deg som kunde.

Ny finansavtalelov

  • Gjeld frå 1. januar 2023
  • Avtalane dine gjeld som før
  • Forbrukarvernet ditt vert styrka
  • Digitalt fyrsteval
  • Du kan oppleva fleire varslingar

Kvifor kjem det ny lov?

Finansavtalelova regulerer reglar om rettar og plikter mellom deg og banken.

Eit sentralt punkt i den nye lova er at me som bank får utvida plikt til å rettleia og varsla deg som kunde. Dette stiller krav til oss om å kommunisera forståeleg og enkelt, slik at du kan ta informerte og gode val for økonomien din.

Kva vil den nye finansavtalelova ha å seia for deg som kunde?

Avtalane dine gjeld som før

Eksisterande avtalar vil framleis gjelda og eventuelt fornya på same måte som tidlegare. Ingen eksisterande avtalar vil opphøyra. Når du inngår nye avtalar, kan det verta stilt fleire spørsmål til deg. Føremålet er å ta vare på deg som kunde.

Du får betre forbrukarvern

Den nye lova vil regulera fleire avtalar og tenester. For deg som kunde inneber dette mellom anna:

  • Betre vern og lågare eigenandel viss din BankID eller kortet ditt vert misbrukt.
  • Auka ansvar for banken ved svindel.
  • Digital kommunikasjon vert standardvalet, men med høve til reservera deg viss du heller vil ha brev i posten.
  • Bankane har plikt til å avslå lånesøknaden din viss den økonomiske situasjonen din ikkje er god nok.
Meir informasjon til deg

Den nye lova pålegg banken å senda deg fleire meldingar om ulike forhold, til dømes om renteendring. Du kan difor oppleva å få meir informasjon frå oss enn du får i dag.