Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Ny utsjånad
Bilete - Illustrasjon Nettbank

Ny utsjånad

Nettbanken og mobilbanken får ny utsjånad komande veke.

Snart vil du merka at utsjånaden både i nettbanken og mobilbanken endrar seg litt. Du vil framleis finna dei same funksjonane som før, men i ei ny drakt.

Me ynskjer at nett- og mobilbanken skal vera enkel å bruka for alle kundar. Denne oppdateringa gjer løysingane meir oversiktleg, enklare å bruka og lettare å lesa, anten du brukar mobil, nettbrett eller PC.

I nettbanken skjer endringane tysdag 8. september, medan mobilbanken får oppdatert utsjånad torsdag 10. september.

Nettbedrift og Mobilbank Bedrift får tilsvarande endringar i utsjånaden samstundes som Nettbank og Mobilbank.

Kva er nytt i nettbanken?

Ny innloggingsside

Når du loggar inn i nettbanken, vil du møta ei ny og oppdatert innloggingsside. Du loggar inn på same måte som før.

TEST-201

Ny oversiktsside

Oversiktssida, som er startsida du kjem inn på etter innlogging, får eit ryddigare uttrykk og tydelegare informasjon, slik at det vert enklare å få oversikt over kontoane dine og annan informasjon knytt til økonomien din.

TEST-202

Oppdatert meny

Menyen får også ny utsjånad, og er organisert slik du enkelt skal finna fram til funksjonane du brukar.

TEST-203

Kva er nytt i mobilbanken?

Også mobilbanken får ny utsjånad, mykje likt som i nettbanken, men tilpassa visning på mobiltelefonen.

  • Ny innloggingsside
  • Ny og meir oversiktleg startside
  • Oppdatert meny

Du loggar inn i mobilbanken på same måte som før.

Den nye utsjånaden i mobilbanken får du ved å lasta ned eller oppdatera til den nyaste app-versjonen som vert gjort tilgjengeleg torsdag 10. september.

Me vil også minna om at det generelt er viktig å halda mobiltelefonen og appane oppdatert til ei kvar tid.