Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Nye nettsider
Bilete - Illustrasjon Nye nettsider

Nye nettsider

Bilete - Illustrasjon Nye nettsider

Onsdag 16. februar skjer det noko spanande…

Denne dagen får banken nye nettsider!

Dei gamle nettsidene våre vart tekne i bruk i 2014. Åra går fort, og sjølv om sidene kontinuerleg har vorte vidareutvikla i takt med endringar i teknologi og innhald, fann me no tida inne for å gå over til heilt nye sider.

Dei nye sidene har eit luftigare og meir moderne uttrykk, og er utvikla basert på innsikt og brukartesting i ulike kundegrupper, slik at du som kunde skal finna fram til den informasjonen du leitar etter.

Framsida

Framsida er den fyrste sida du møter når du går inn på www.vossabanken.no. Denne sida er utgangspunktet for di reise til den informasjonen du søkjer.

Biletet på framsida no ved lansering er teke ved Lundarvatnet ein vakker vinterdag i 2018.

Bilete - Illustrasjon Nye nettsider
Innlogging og meny

Innlogging til nettbanken og andre tenester finn du som før oppe til høgre på sida. Der finn du også hovudmenyen med snarvegar til dei ulike produkta og tenestene me tilbyr.

Bilete - Illustrasjon Nye nettsider

Takk til prosjektet

Sidene er utvikla i samarbeid med dei andre bankane i DSS-samarbeidet, med god hjelp frå Netlife som har utvikla konseptet, og Appex som har overført konseptet til den tekniske løysinga.

Me takkar for godt samarbeid så langt!