Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Nytt i skattemeldinga for 2023
Bilete - Illustrasjon Kalkulator

Nytt i skattemeldinga for 2023

I skattemeldinga for 2023 er no lån og renter for fyrste gong likt fordelt mellom hovudlåntakar og medlåntakar.

Tidlegare har heile lånet og alle renter vore ført opp på den som er hovudlåntakar. Det er Skatteetaten som har gjort denne endringa, og som no fordeler desse opplysningane likt mellom hovudlåntakar og medlåntakar.

Dette betyr at dersom de er to som har lån i lag, vil 50 % av lånet vere ført opp på kvar av dykk. Er de tre som har lån i lag vert fordelinga 33,3 % og så vidare. Rentene vert også fordelt på same måte. Denne fordelinga kan endrast.

Slik kan de endra fordelinga

De kan sjølv endra den fordelinga av lån og renter som Skatteetaten har ført opp i skattemeldinga. Dette gjer ein ved å endra feltet «Min andel av lån og renter (i prosent)».

Døme

Dersom du skal ha 70 % av lån og renter, og medlåntakaren din skal ha 30 %, aukar du din andel av lånet frå 50 % til 70 %. Medlåntakaren reduserer tilsvarande sin andel frå 50 % til 30 %.

Hugs at begge må endra skattemeldinga si, og at summen av andelane må vera 100 %.

Har de spørsmål?

Dersom de har spørsmål om dette og andre ting knytt til skattemeldinga, kan ein gå til Skatteetaten sine nettsider.