Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Oppgradering av BankID
Bilete - Logo BankID

Oppgradering av BankID

25.10.2021 – 18:45: Slutt-tidspunktet for arbeidet den 26. oktober er flytta frå kl. 08:00 til 12:00.

——————————

Frå og med torsdag 21. oktober til og med tysdag 26. oktober kl. 12:00 vert det gjort ei større endring i BankID-tenesta sentralt. I denne perioden vil det diverre ikkje vera mogelg å aktivera ny BankID, eller opna ein sperra BankID. Sjekk difor at din BankID fungerer før endringane startar.

BankID vil ikkje fungera natta den 21. oktober frå kl. 00:01 til 08:00. Laurdag 23. oktober vil bruk av BankID med kodebrikke/BankID App i periodar kunne vera utilgjengeleg. BankID på mobil skal fungera som normalt denne laurdagen.

Dersom du har behov for å sperra din BankID i løpet av perioden endringane pågår, tek du kontakt med sperretenesta vår på vanleg måte – ring  56 52 03 00 og tast 2.

NB!
Sidan BankID-tenesta er utilgjengeleg i periodar medan endringa pågår, kan svindlarar prøva å utnytta situasjonen. Ver difor ekstra merksam på ting som er utanom det vanlege når du brukar BankID.

Hugs at verken BankID, bankar, politi eller andre vil be deg å oppgje innloggingsdetaljar på telefon, SMS eller e-post. Er du i tvil om ein førespurnad er ekte, eller mistenkjer at noko er svindel, ta kontakt med oss så snart som mogeleg.

Ved eventuelle endringar i den oppsette planen, oppdaterer me informasjonen på denne sida. Oppdatert informasjon vert også lagt ut på Vipps (BankID) sine nettsider.