Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Sparekveld i Voss Sparebank
Bilete - Illustrasjon sparing

Sparekveld i Voss Sparebank

Voss Sparebank inviterer sine kundar til ein inspirerande og lærerik sparekveld i banken torsdag 30. oktober.

Arrangementet er gratis og ope for alle som ynskjer innsikt i framtidas investeringar og gode råd for eigen økonomi.

Me får besøk av Magnus Vie Sundal, forvaltar av Borea Nordisk Utbytte, som vil dela sine tankar om aksjar, renter og moglegheiter i marknaden framover.

Med seg har han Bjørn Matre, ein erfaren investeringsrådgjevar frå Borea Asset Management – eit aktivt forvaltingsselskap med base i Bergen.


– Me ynskjer å skapa ein kveld som passar for både nye og erfarne spararar, seier banksjef Jørund Rong.

– Målet er at alle skal sitja att med nyttige tips og inspirasjon til å ta gode økonomiske val.


Velkomen til ein kveld med fagleg påfyll og god stemning!

Stad: Voss Sparebank – klokka 18:00

Påmelding til [email protected] innan tysdag 28. oktober.