TV-aksjonen 2022
Akkurat no ventar millionar av menneske på å få behandling av ein lege. For mange står det om livet, men tilgang til helsehjelp er ikkje sjølvsagt alle stader i verda.
Med dei innsamla midlane frå årets TV-aksjon skal Leger uten grenser førebyggja og behandla sjukdommar som rammar menneske på tvers av landegrenser, uavhengig av etnisitet, seksuell orientering, religion, politisk ståstad, alder og kjønn.
Aksjonen vert i år arrangert sundag 23. oktober.
På TV-aksjonen sine eigne nettsider kan du lesa meir om aksjonen, Leger uten grenser, og prosjekta dei innsamla midlane skal brukast til.
Voss Sparebank har lang tradisjon for å støtta den årlege TV-aksjonen, både med ei pengegåve til aksjonen, og ved å telja opp bøssene på aksjonsdagen. Banken har i alle år vore oppteljingsbank for Voss herad, som no også omfattar gamle Granvin herad, og dei siste åra også for Vaksdal kommune. Oppteljinga vert gjort på dugnad av dei tilsette i banken.
Du kan gje ditt bidrag til aksjonen på ulike måtar. På aksjonsdagen vil det gå rundt bøssebærarar og samla inn pengar. Du kan også gje ditt bidrag til aksjonen i elektroniske bøsser, eller via Vipps, konto, telefon eller kort. Les meir om måtar å gje bidrag på på aksjonen sine nettsider.
Bidrag frå næringsliv, organisasjonar, skular, barnehagar, lag og foreiningar, trussamfunn m.m. skal registrerast i nettportalen Giverstafett.