TV-aksjonen 2023
Kvart sjette barn i verda veks opp i krig og konflikt, og det har aldri vore så mange born på flukt som no.
I år går TV-aksjonen til å hjelpa born som er ramma av krig og konflikt. Saman kan me gjere det mogeleg for over 100.000 born å leike, lære og leve i fred.
Redd Barna er til stades der borna treng det, og bidreg til at born, og dei som stiller opp for dei, får hjelpa dei treng. Det er dei frivillige og feltarbeidarane i nærmiljøet som er dei ekte heltane. Dei bidreg til at borna får ein tryggare barndom.
Aksjonen vert i år arrangert sundag 22. oktober.
På TV-aksjonen sine nettsider kan du lesa meir om Redd Barna, og prosjekta dei innsamla midlane skal brukast til.
Voss Sparebank har lang tradisjon for å støtta den årlege TV-aksjonen, både med ei pengegåve til aksjonen, og ved å telja opp bøssene på aksjonsdagen. Banken har i alle år vore oppteljingsbank for Voss herad, som no også omfattar gamle Granvin herad, og dei siste åra for Vaksdal kommune. I år tel me også bøssene frå Eidfjord kommune, og tek i mot dei innsamla midlane frå Ulvik herad. Oppteljinga vert gjort på dugnad av dei tilsette i banken.
Du kan gje ditt bidrag til aksjonen på ulike måtar. På aksjonsdagen vil det gå rundt bøssebærarar og samla inn pengar. Du kan også gje ditt bidrag til aksjonen i elektroniske bøsser, eller via Vipps, konto, telefon eller kort. Les meir om måtar å gje bidrag på på aksjonen sine nettsider.
Bidrag frå næringsliv, organisasjonar, skular, barnehagar, lag og foreiningar, trussamfunn m.m. skal registrerast i nettportalen Giverstafett.