Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / TV-aksjonen 2024
Bilete - Illustrasjon TV-aksjonen

TV-aksjonen 2024

Annakvar dag får eit barn i Noreg kreft, og kvar veke vert 10 born født med hjartefeil. Når eit barn vert sjukt, vert heile familien ramma. Ofte må barnet reisa langt for å få livsviktig behandling, og familien vert splitta i lange periodar.

I år går TV-aksjonen til Barnekreftforeningen, som skal etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan born med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet får behandling. Slik vert også syskjen ivaretekne, og familien kan skapa gode stunder i ei vanskeleg tid.

Familien får mogelegheit til å skapa ein heim heimefrå. Dei kan støtta kvarandre gjennom den vonde og vanskelege perioden, og få etterlengta pausar frå sjukehuset sine alvorstunge korridorar.

Sundag 20. oktober går me saman for små heltar!

TV-aksjonen sine nettsider kan du lesa meir om Barnekreftforeningen, og kva dei innsamla midlane skal brukast til.

Bilete - Illustrasjon TV-aksjonen

Voss Sparebank har lang tradisjon for å støtta den årlege TV-aksjonen, både med ei pengegåve til aksjonen, og ved å telja opp bøssene på aksjonsdagen. Banken har i alle år vore oppteljingsbank for Voss herad, som no også omfattar gamle Granvin herad. Dei siste åra har me også teke i mot og talt bøssene frå Vaksdal, Eidfjord og Ulvik. Oppteljinga vert gjort på dugnad av dei tilsette i banken.

Du kan gje ditt bidrag til aksjonen på ulike måtar. På aksjonsdagen vil det gå rundt bøssebærarar og samla inn pengar. Du kan også gje ditt bidrag til aksjonen i elektroniske bøsser, eller via Vipps, konto, telefon eller kort. Les meir om måtar å gje bidrag på på aksjonen sine nettsider.

Bidrag frå næringsliv, organisasjonar, skular, barnehagar, lag og foreiningar, trussamfunn m.m. skal registrerast i nettportalen Giverstafett.