TV-aksjonen 2025
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom.
1,3 milliardar menneske i verda har ei funksjonsnedsetting. Mange av desse lever i fattigdom og har ikkje same tilgang til utdanning, helsehjelp og arbeid som andre.
I krigs- og konfliktområde er livet ekstra vanskeleg for funksjonshemma, og væpna konflikt fører til at fleire vert skada. I Palestina risikerer ein heil generasjon born å vekse opp med alvorlege funksjonsnedsettingar grunna krigen.
Pengane frå TV-aksjonen skal gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp, og til hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar.
Aksjonen skal gje 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.
Sundag 19. oktober skal me saman opne dører!
På TV-aksjonen sine nettsider kan du lesa meir om Atlas-alliansen, og kva dei innsamla midlane skal brukast til.
Voss Sparebank har lang tradisjon for å støtta den årlege TV-aksjonen, både med ei pengegåve til aksjonen, og ved å telja opp bøssene på aksjonsdagen. Banken har i alle år vore oppteljingsbank for Voss herad, som no også omfattar gamle Granvin herad. Dei siste åra har me også teke i mot og talt bøssene frå Vaksdal, Eidfjord og Ulvik. Oppteljinga vert gjort på dugnad av dei tilsette i banken.
Du kan gje ditt bidrag til aksjonen på ulike måtar. På aksjonsdagen vil det gå rundt bøssebærarar og samla inn pengar. Du kan også gje ditt bidrag til aksjonen i digitale bøsser, eller via Vipps, konto, telefon eller kort. Les meir om måtar å gje bidrag på på aksjonen sine nettsider.
Bidrag frå næringsliv, organisasjonar, skular, barnehagar, lag og foreiningar, trussamfunn m.m. skal registrerast i nettportalen Giverstafett.