TV-aksjonen 2026
TV-aksjonen er i år tildelt NRC Flyktninghjelpen, og går av stabelen sundag 18. oktober.
Kvart andre sekund må eit menneske flykta på grunn av krig og konflikt. Aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffa seg ein heim. Men det finst håp, og det finst løysingar.
Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen og skal bidra til at over 400.000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak. Den gir tryggleik og vern, og ein stad å høyra til. Når familiar får ein stad å bu, vert det også lettare å finna arbeid og senda borna på skule. Slik kan kvardagen verta meir stabil, og grunnlaget for ei ny framtid kan byggast.
Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til telt og andre naudbustader, mellombelse og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.
Sundag 18. oktober går me saman for menneske på flukt!
På TV-aksjonen sine nettsider kan du lesa meir om NRC Flyktninghjelpen, og kva dei innsamla midlane skal brukast til.
Voss Sparebank har lang tradisjon for å støtta den årlege TV-aksjonen, både med ei pengegåve til aksjonen, og ved å telja opp bøssene på aksjonsdagen. Banken har i alle år vore oppteljingsbank for Voss herad, som no også omfattar gamle Granvin herad. Dei siste åra har me også teke i mot og talt bøssene frå Vaksdal, Eidfjord og Ulvik. Oppteljinga vert gjort på dugnad av dei tilsette i banken.
Du kan gje ditt bidrag til aksjonen på ulike måtar. På aksjonsdagen vil det gå rundt bøssebærarar og samla inn pengar. Du kan også gje ditt bidrag til aksjonen i digitale bøsser, eller via Vipps, konto, telefon eller kort. Les meir om måtar å gje bidrag på på aksjonen sine nettsider.
Bidrag frå næringsliv, organisasjonar, skular, barnehagar, lag og foreiningar, trussamfunn m.m. skal registrerast i nettportalen Giverstafett.