Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Ungdomsstipend
Bilete - Illustrasjon Ungdomsstipend

Ungdomsstipend

Voss Sparebank satsar på ungdomen! Me vil i haust gje stipend til unge som har klare mål og ambisjonar om å utvikla talentet sitt innan kultur, kunst og idrett.

Stipendet skal tena som inspirasjon til vidare innsats, og vera til hjelp for å få realisert måla ein har sett seg innafor sitt område. Kandidatane vil verta vurdert innanfor eit utvida kulturbegrep – inkludert områda song og musikk, kunst, kunsthandverk, dans, litteratur, teater, film, idrett og sport.

Stipendet vert delt ut under banken sin kyrkjekonsert 15. november.

Bilete - Illustrasjon Ungdomsstipend

Kva ein vil vektleggja hjå kandidatane:

  • At ein er motivert for å satsa vidare på lidenskapen sin.
  • At ein syner eit høgt nivå innanfor området sitt, med potensiale til å nå endå lenger.
  • Mottakarane av stipendet må vera gode førebilete for anna ungdom.
  • Berre ungdom som er oppvaksen eller heimehøyrande i Voss Sparebank sitt marknadsområde kan søkje og bli tildelt stipendet.
  • Vinnarane vil vera Voss Sparebank-ambasadørar på eigna vis.

Kva må søknaden innehalde:

  • Opplysningar om søkaren
  • Aktivitet søkaren har utført innan kulturområdet og evt. prestasjonar oppnådd
  • Plan for bruk av stipendet
  • Framtidige mål og ambisjonar
  • Relevante vedlegg

Søknadsfrist er 1. november 2023

Skjemaet er ikkje aktivt. Søknadsfristen er gått ut.