Gå til sideinnhold

Aksjar

Plassering i enkeltaksjar passar for deg som ynskjer størst mogeleg avkastning, og som samstundes er villig til å ta ein høgare risiko. Du har enkel til gang til kjøp og sal av aksjar og andre verdipapir gjennom Norne Securities si netthandelsløysing som du har tilgang til i nettbanken og mobilbanken.

Voss Sparebank er tilknytt agent til Norne Securities, og kan gjennom dette agentforholdet tilby mottak og formidling av ordre på vegne av kunde i samband med eitt eller fleire finansielle instrument.

Handelsløysing for verdipapir

Gjennom agentforholdet banken har med Norne Securities kan me tilby deg som kunde tilgang til handelsløysing for verdipapir gjennom nettbanken vår. For å få tilgang til løysinga må du ha nettbank hjå oss. Har du ikkje nettbank frå før, tek du kontakt med oss og me hjelper deg i gang.

Det er enkelt å bli kunde i Norne Securities si handelsløysing:

  • Logg deg inn i nettbanken på vanleg måte
  • Vel Fond og aksjar i menyen
  • Følg rettleiinga for å registrera deg som kunde

Om Norne Securities

Norne Securities er eit fullservice verdipapirføretak som tilbyr internetthandel, tradisjonelle meklartenester og corporate finance-tenester. Norne Securities er underlagt konsesjon av Finanstilsynet til å tilby fylgjande investeringstenester:

  1. Mottak og formidling av ordre på vegner av kunde i samband med eitt eller fleire finansielle instrument som definert i vphl §2-2.
  2. Utføring av ordre på vegner av kunde
  3. Omsetjing av finansielle instrument for eiga rekning
  4. Investeringsrådgjeving som definert i vphl §2-4 første ledd
  5. Plassering av offentlege tilbod som nemnt i vphl kapittel 7, plassering av emisjonar, og garantistillelse for fullteikning av emisjonar eller tilbod om kjøp av finansielle instrument.