Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Sparing

Aksjesparekonto

Ein aksjesparekonto er ein spesiell konto for deg som sparar i fond og aksjar. Kontoen gir deg høve til å handla fond og aksjar utan å betala skatt. Skatten betalar du fyrst når du tek vinsten ut av kontoen.

Banken tilbyr aksjesparekonto (ASK) gjennom vår samarbeidspartnar Norne Securities AS.

Når du har aksjesparekontoen din i Voss Sparebank, får du enkel tilgang til fond og aksjar i nettbanken og mobilbanken.

Med aksjesparekonto kan du handla aksjefond eller enkeltaksjar utan at du må betala skatt på vinsten. Skatten betalar du fyrst når du tek vinsten ut av aksjesparekontoen.

Du kan også ta ut investert beløp frå aksjesparekontoen, og halda fram med å investera avkastninga utan å betala skatt. Dette gjeld for både aksjar og aksjefond.

Opprett aksjesparekonto

Du kan sjølv oppretta aksjesparekonto via nettbanken eller mobilbanken din.

På sida for fond og aksjar klikkar du på knappen Administrere fond og aksjar. Då kjem du inn i Norne sin portal der du kan oppretta kontoen.

Kontakt oss om sparing

Ta gjerne kontakt med oss viss du ynskjer ein prat om sparing og plassering.