Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Sparing

Individuell pensjonssparing

Individuell pensjonssparing (IPS) er ei form for pensjonssparing som gjev fleire fordelar. Du kan spara til pensjon og samstundes utsetja skatten.

Med IPS kan du spara opptil kr. 15.000,- i året, og du kan få ei skatteutsetjing på opptil kr. 3.300,- pr år. Du slepp å skatta for pengane før du tek dei ut som pensjon, og slik kan du få avkastning på pengar som elles skulle vore innbetalt i skatt.

Med IPS slepp du formueskatt på det oppsparte beløpet og det er heller ikkje skatt på avkastninga i spareperioden.

Du kan starta uttak frå IPS når du fyller 62 år, og med dagens satsar betalar du kun 22 % skatt ved utbetaling.

Fakta om IPS

  • Spar opptil kr 15.000,- i året
  • Opptil kr. 3.300,- i årleg skattefrådrag
  • Ingen formueskatt på oppspart beløp
  • Ingen skatt på avkastninga i spareperioden
  • Uttak vert skattlagd som alminneleg inntekt
  • Sparebeløpet kan justerast undervegs
  • Du vel sjølv spareprofil og fordeling mellom renter og akjsar

Viktig å tenkje på

  • Sparepengane kan tidlegast takast ut når du er 62 år.
  • Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vara til du er minst 80 år.
  • Du kan spara i IPS frå du er 18 til 75 år.
  • Aksjefond mistar skjermingsfrådraget.
  • Du kan spara ved å ha fast spareavtale og/eller setje inn eingongsbeløp.

Ofte stilte spørsmål

Er sparepengane låst?

Ja, sparepengane er låst. Set du pengane i IPS – Individuell pensjonssparing, kan du tidlegast starta uttak når du er 62 år. Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vara til du er minst 80 år.

Kva skjer med IPS dersom eg døyr?

Ved død skal pensjonskapitalen nyttast til barnepensjon. Dersom du ikkje har barn, vil den gå til etterlatnepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar.

Pensjonskapital som ikke vert nytta til barnepensjon eller etterlattepensjon, vert utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbuet.