Gå til sideinnhold
Heim / Spare / SmåSpar
Bilete - Illustrasjon Sparing

SmåSpar

Med SmåSpar sparar du litt kvar gong du brukar kortet ditt. Når du har oppretta spareavtalen, går sparinga av seg sjølv! Du vel sjølv kor mykje du vil spara.

Det er fleire måtar å spara på. Du kan spara eit fast kronebeløp for kvar gong du brukar kortet ditt, eller du kan spara ein prosentdel av beløpet du handlar for. Ein tredje variant er å runda beløpet du handlar for opp til eit rundt beløp – til dømes næraste heile 10- eller 50-kronar – og sparebeløpet vert i dette siste tilfellet differansen mellom beløpet du handla for, og det du har valt å runda opp til.

Du finn SmåSpar under Sparing og plassering i nettbanken, og under Sparing i mobilbanken.