Har du kontoar i fleire bankar?
No vil me gjera det enklare for deg å få oversikt over økonomien din. Frå 29. august kan du få full oversikt over alle kontoar du har i norske bankar, i vår Nett- og Mobilbank. I fyrste omgang vil du kunne sjå saldo og transaksjonar på dei kontoane du hentar inn frå andre bankar. På sikt vil det verta mogleg å overføre og betale også.
Det er du sjølv som avgjer om du vil dela kontoinformasjonen din på tvers av bankane du er kunde i. Alle bankar som samarbeider om å dele kontoinformasjon, må ha konsesjon frå Finanstilsynet og oppfylle ei rekkje krav. Du kan difor vera trygg på at både bruk og lagring av informasjon skjer på ein trygg og god måte.
Slik legg du til ein annan konto:
- Logg inn i nettbanken eller mobilbanken
- Vel «Legg til kontoar frå andre bankar» i nettbanken eller «Legg til bank» i mobilbanken
- Gje samtykkje til å dela kontoinformasjon
- Identifiser deg med BankID
- Legg til kontoar
Finn du ikkje banken du leitar etter? I fyrste omgang er det 32 andre bankar å velja mellom, men etter kvart vil du finna alle norske bankar på lista. Det er EU-direktivet PSD2 som har bestemt at alle kundar skal kunne sjå kontoinformasjonen sin på tvers av bankane.
Ofte stilte spørsmål
PSD2 er ei forkorting for «Payment Service Directive nr 2.», og er den nyaste versjonen av EU-direktivet som regulerer betalingstenester i den indre marknad i EU. Sidan Noreg er medlem av EØS, omfattar direktivet også betalingstenester i Noreg. Føremålet med PSD2 er å skapa auka konkurranse og auka innovasjon innan banknæringa i EU og EØS området. PSD2 skal også styrka sikkerheita for nettbetalingar og tilgang til konto.
Voss Sparebank må som ei fylgje av direktivet, tilpassa og opna sine system slik at kundane kan nytta andre tilbydarar av betalingstenester til å utføra sine betalingar eller få oversikt over kontoinformasjon.
Dette betyr at du som er kunde hjå oss, men også har kontoar i andre bankar, lettare kan få oversikt over eigen økonomi. Du kan henta inn kontoar frå andre bankar til Voss Sparebank sin mobilbank og nettbank. Her vil du kunne sjekka saldo og sjå dei siste transaksjonane. Etter kvart vert det også mogleg å utføra betalingar frå dei innhenta kontoane.
Du må logga deg inn i nettbanken eller mobilbanken for å leggje til kontoar. I denne prosessen må du gje ditt samtykkje til innhenting av kontoinformasjon. Det er du sjølv som styrer om du vil henta inn kontoinformasjon frå andre bankar. Utan samtykkje vil ikkje banken kunne henta henta inn kontoinformasjonen din frå andre bankar.