Kundeval 2025
Generalforsamlinga er høgste avgjerdsmakta i Voss Sparebank. Ni av medlemane i generalforsamlinga er valt av og mellom kundane i banken. Gjennom kundevalet kan du vera med å påverka kven som skal representera deg!
Kundevalet til generalforsamlinga vert halde tysdag 25. februar 2025 kl. 16:30 i banken sine lokale i Vangsgata 18.
Det skal i år veljast tre medlemar og eitt varamedlem til generalforsamlinga.
Viktige datoar
31 . januar
Frist for framlegg til kandidatar
11. februar
Valliste vert lagt ut
20. februar
Frist for påmelding til valmøte
25. februar
Valmøte 2025
Kven kan røysta på kundevalet?
Kundar som har, og i dei siste seks månadene har hatt innskot i Voss Sparebank på minst 2.500 kroner, har røysterett på kundevalet.
Berre myndig person kan, som personleg innskytar eller som representant for annan innskytar, røysta ved valet.
Ingen kan ha meir enn to røyster – ei på grunnlag av eige innskot og ei som representant for annan innskytar.
Det er krav om personleg frammøte for å røysta på valmøtet. Kundar som ynskjer å nytta røysteretten på kundevalet, må gje melding til banken om dette innan 20. februar 2025.
Korleis koma med framlegg til kandidatar?
Kundar med røysterett kan koma med framlegg til kandidatar til medlem av generalforsamlinga. Det er eit krav at kandidaten også har røysterett. Framlegget skal omfatta namnet til kandidaten, fødselsår og dato, yrke og adresse.
Framlegg til kandidatar må vera sett fram innan 31. januar 2025, og kan sendast på e-post til [email protected], eller leverast i banken.
Me oppmodar flest mogleg til å ta del i valet og til å koma med framlegg til kandidatar.
Meir informasjon
Basert på innkomne framlegg til kandidatar, utarbeider valnemnda i Voss Sparebank ei valliste.
Denne vallista vert lagt ut i banken sine lokale og her på banken si heimeside to veker før valet.
Liste over medlemar og varamedlemar i generalforsamlinga, med opplysningar om kven som er på val og annan relevant informasjon, vert lagt fram i banken og på heimesidene.
Kontaktinformasjon
Kontakt oss på [email protected] eller på 56 52 03 00.