Covid-19
Me i Voss Sparebank vil gjera vårt for å hindra smitte og fylgjer Voss herad sine tilrådingar. Me ynskjer difor at du avtalar møter og tek kontakt med oss digitalt eller på telefon, i staden for å møta fysisk i banken, so langt det let seg gjera. Banken vil vera open for naudsynte tenester og etter avtale med rådgjevar.
Vil du besøka oss, lyt du vera frisk og fylgja gjeldande reglar.
Våre flinke rådgjevarar arbeidar no frå heimekontor. Avtal eit møte digitalt, og me finn løysingar i lag. Her finn du kontaktinfo.