Ledig stilling
Rådgjevar for bedriftsmarknaden - 100 % fast stilling
Drøymer du om ein jobb innan bank og forsikring på Voss? No har du ein sjeldan sjanse. Me ser etter ein rådgjevar for bedriftsmarknaden som brenn for å hjelpa kundane våre med kreditt, forsikring og pensjon.
Rolla di vert å møta kundane, avdekka kva kreditt- og forsikringsbehov dei har, finna skreddarsydde løysingar for den enkelte, og driva med kontinuerleg oppfylging. For den rette kandidaten kan stillinga utvidast til å ha rolla som forsikringsansvarleg i Voss Sparebank.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for eigen kundeportefølje og utvikling av denne gjennom kundekontakt i både digitale og fysiske møter.
- Utarbeida gode analysar for bruk i kredittprosessen, for å sikra god risikostyring.
- Tilby gode løysingar som gjev meirverdi for kunden og soleis skapar og utviklar sterke relasjonar.
- Utarbeiding av tilbod og løysingsforslag innan kreditt, forsikring, pensjon, betalingsformidling og leasing.
- Strukturert oppfylging og rådgjeving til eksisterande kundeportefølje, òg oppsøkjande og aktivt arbeid mot nye kundar.
Kvalifikasjonar
- Du har arbeidsrøynsle frå bank, forsikring eller annan finansinstitusjon.
- Du har høgare utdanning innan økonomi.
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, og skriv nynorsk.
- Du trivast godt når du får snakka med kundar og gje gode råd.
- Det er ein fordel om du har røynsle frå forsikring for bedriftsmarknaden.
- Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjon i kreditt, livsforsikring og skadeforsikring.
Personlege eigenskapar me legg vekt på
- Du er prestasjonsorientert og ynskjer å skapa verdi for kunden og resultat for banken.
- Du er god til å skapa tillit hjå kunden.
- Du lærer fort og tek i bruk nye prosessar og digitale løysingar.
- Du har godt humør og er ein god kollega.
- Du er strukturert, ryddig og sjølvstendig.
- Du samarbeider godt med andre.
Me tilbyr
- Ein solid og trygg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
- Kontor i ljose og moderne lokale i Voss sentrum.
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
- Bedriftsidrettslag og treningsrom i banken.
Spørsmål
Har du spørsmål om stillinga, kontakt:
- Kredittsjef og leiar bedriftsmarknad, Kurt Arild Midttun: 479 30 327 / [email protected]
- Adm. banksjef, Jørund Rong: 479 30 335 / [email protected]
Frist
Søknadsfrist: 28.02.2021
Søknad med CV kan sendast til Voss Sparebank på e-post [email protected].
Om banken
Voss Sparebank vart skipa i 1843 og er Voss sin eigen lokale sparebank. Me tilbyr tenester til privat- og bedriftsmarknaden. Banken er ein tradisjonell men moderne sparebank og har 26 fast tilsette, og ein rådveldekapital på 5,12 milliardar kroner.