Gå til sideinnhold

BankID på mobil

Med BankID på mobil kan du logga inn på nettstader utan å måtte bruka kodebrikke.

BankID på mobil har same bruksområde som «vanleg» BankID, og kan såleis nyttast som personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering.

Skilnaden mellom BankID og BankID på mobil er at sjølve BankID-sertifikatet er lagra i SIM-kortet i mobiltlefonen, noko som gjer at ein slepp å bruka kodebrikke.

Aktiver BankID på mobil

BankID på mobil aktiverer du sjølv i nettbanken din. For å kunne aktivera BankID på mobil, må SIM-kortet ditt vera klargjort for dette. Før du går inn nettbanken, kan det vera lurt å testa SIM-kortet og mobiltelefonen din. Klikk på knappen nedanfor for å gjera denne testen.