Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / Kort / Vekslingskurs

Vekslingskurs

VISA-korta våre kan nyttast til varekjøp og kontantuttak i andre valutaer enn norske kroner. Valutabeløpet vert veksla om, og trekt frå kontoen din i norske kroner. Vekslingskursen viser på kontoen din. Den er eit resultat av VISA sin gjeldande valutakurs pluss banken sitt valutapåslag på 1,75 %.

Når kortet ditt vert nytta i valutaer frå EU- og EØS-land, vil du få ei melding på SMS. Denne får du fordi banken er pliktig å senda deg informasjon om skilnaden mellom den europeiske sentralbanken (ECB) sin referansekurs og vekslingskursen som er nytta for kjøpet/uttaket.

Døme på ei slik SMS-melding:

«For Visa-transaksjon på 10320 NOK er valutapåslaget 2,20% over ECB-kurs. Meir informasjon finn du på heimesida vår. Mvh Voss Sparebank»

Kontakt oss viss du ikkje ynskjer slike SMS-ar i framtida.

Forklaring på SMS-meldinga som er vist i eksemplet over:

EUR 1 000,00
Kjøp/uttak i utanlandsk valuta.

NOK 10 320,00
Summen kontoen din vert belasta med, i norske kroner.

10,32
Vekslingskursen som viser på kontoen din. Den er eit resultat av VISA sin gjeldande valutakurs pluss banken sitt valutapåslag på 1,75 %.

2,20 %
Vekslingskursen som er nytta er 2,20 % høgare enn ECB sin referansekurs. Både ECB sin referansekurs og VISA sin valutakurs varierer dagleg. Difor vil ikkje prosentsatsen i SMS-en vera den same frå gong til gong.