Tryggleik
- Alle tryggleiksmekanismar (passord, PIN-kodar, kodekort m.v.) er å sjå på som verdipapir, og må difor handsamast med varsemd. Personlege passord og PIN-kodar må ikkje røpast for nokon, heller ikkje overfor politiet, banken, eller husstandsmedlemmer. Lær passord og PIN-kodar utanat!
- Ikkje bruk funksjonar som lagrar informasjon som brukarnamn, passord o.l. på datamaskina, nettbrettet eller mobiltelefonen din. Slett passord som eventuelt allerie er lagra.
- Ved tap, eller mistanke om tap av ein eller fleire tryggleiksmekanismar, må banken kontaktast snarast. Enkelte tenester har eigne sjølvbetjente funksjonar for sperring.
- Det er viktig å verne datamaskiner mot virusangrep og uautorisert tilgang. Installer difor antivirusprogramvare og personleg brannmur på maskina di, og oppdater denne jamnleg. Utfør også tilrådde oppdateringar av operativsystem, nettlesarar og anna programvare (Windows, Internet Explorer, Java o.s.b.). Vern maskina di med brukarnamn og passord.
- Bruk skjerm- / tastelås med personleg kode på mobiltelefonar og nettbrett. Oppdater eininga med tilrådde oppdateringar av operativsystem, appar m.v.
- Ver kritisk til e-post og SMS frå ukjende avsendarar. Ikkje opne vedlegg eller klikk på lenkjer i slike meldingar viss du ikkje kjenner til avsendaren.
- Oppbevar kodebrikka slik at den ikkje kjem uvedkomande i hende.
- Det personlege passordet må ikkje røpast for nokon, heller ikkje overfor politiet, banken, eller husstandsmedlemmer. Lær passordet utanat!
- Ikkje bruk funksjonar som lagrar informasjon som brukarnamn, passord o.l. på datamaskina eller nettbrettet ditt. Slett passord som evt. allerie er lagra.
- Mista eller stole kodebrikke må sperrast snarast. Kontakt banken.
- Dersom du har mistanke om at nokon har fått kjennskap til passordet ditt, må du endre dette snarast i nettbanken din, eller kontakte banken.
- Kontakt banken straks viss du oppdagar transaksjonar du ikkje kjenner til.
- Dersom du ser eller opplever noko unormalt ved pålogging til nettbanken, eller ved bruk av nettbanken elles, må du straks kontakte banken.
- Logg alltid ut av nettbanken når du er ferdig slik at ikkje uvedkomande får tilgang til den.
- Ein BankID er personleg, og skal aldri nyttast av andre enn den personen den er utstedt til. BankID som elektronisk legitimasjon er å samanlikne med eit vanleg fysisk identitetskort. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir.
- Det personlege passordet må ikkje røpast for nokon, heller ikkje overfor politiet, banken, eller husstandsmedlemmer. Lær passordet utanat!
- Passordet må innehalde minst 8 teikn. Bruk gjerne fleire teikn, og både tal og bokstavar. Ikkje bruk passord det er enkelt å gjette seg fram til (fødselsdatoar, telefonnummer, initialar o.s.b.). Endre passordet med jamne mellomrom, og ikkje bruk same passord som du brukar andre stader.
- Logg deg alltid ut av tenester der du har bruk BankID når du er ferdig.
- Har du mistanke om at nokon har fått kjennskap til BankID-passordet ditt, eller på annan måte skaffa seg tilgang til din BankID, må du straks sperre tilgangen til din BankID. Dette kan du gjere sjølv i nettbanken din, eller du kan kontakte banken si sperreteneste.
- Oppbevar kortet som eit verdipapir
- Oppbevar aldri kort og PIN-kode saman. Lær det PIN-koden utanat!
- Skjul alltid inntasting av PIN-koden i minibankar og betalingsterminalar.
- Kontroller at det ikkje er montert ekstra deksel eller liknande – såkalla skimmingutstyr – på minibanken før du set inn kortet. Dersom kortet ditt vert ståande fast utan at minibanken fortel at det er slukt – kontakt politiet og bli ved minibanken til dei kjem. Ikkje takk ja dersom ein eller fleire «hjelpsomme» personar ber deg taste PIN-koden din på nytt!
- Ikkje legg kortet frå deg i baren ved restaurantbesøk.
- Kontroller alltid rekninga før du signerer.
- Kontakt banken straks viss du oppdagar transaksjonar du ikkje kjenner til.
- Meld straks frå til banken dersom du mistar kortet ditt. Det er lurt å lagre nummeret til banken si sperreteneste på telefonen din. Då har du det alltid for handa viss du skulle få bruk for det.
Nettbank
For å kunne ta i bruk nettbank må du kontakte oss. I samband med oppretting av kundeforhold / nettbankavtale må du legitimere deg med gyldig pass.
Ved oppretting av nettbankavtalen får du eit brukarnamn, og du vil få tilsendt ei kodebrikke i posten og eit oppstartspassord på e-post eller SMS. Når du har motteke kodebrikka kan du logge på nettbanken.
Dersom du har bestilt BankID og / eller BankID på mobil, kan du bruke alle tre innloggingsmetodane, og veksle mellom desse. Viss du ikkje har bestilt BankID skal du bruke «Logg inn med passord».
Endring av beløpsgrense for Nettbank kan du sjølv gjere i nettbanken eller mobilbanken din. Gå til Betalingsinnstillingar som du finn under kategorien Innstillingar i hovudmenyen. Beløpsgrensa du du set vil gjelde for både Nettbank og Mobilbank.
Du må vere fylt 18 år for å kunne gjere dette sjølv.
Du kan definere fylgjande varsel (reglar):
Varsel om bestemte typar innbetalingar
Med denne regelen vil du få varsel når bestemte typar innbetalingar skjer på kontoen din. Du kan velje å få varsel om løn, barnetrygd eller pensjon / stønad.
Varsel om innbetaling over eit sjølvvalt beløp
Med denne regelen vil du få varsel om innbetalingar som er over ei beløpsgrense du vel sjølv.
Varsel ved saldo under eit sjølvvalt beløp
Med denne regelen vil du få varsel viss saldo på kontoen kjem under ei beløpsgrense du vel sjølv.
Varsel dersom betaling ikkje kan utførast
Denne regelen varslar deg dersom ei betaling som ligg til forfall av ein eller annan grunn ikkje vert utført. Det kan til dømes vere at det ikkje er nok pengar på konto på det tidspunktet ei rekning skal betalast. Du vil såleis ha høve til å overføre pengar til kontoen før betalinga vert avvist.
Varsel om disponibel saldo på sjølvvalt dag og tidspunkt
Med denne regelen kan du få tilsendt informasjon om saldo på kontoen din på eit fast tidspunkt i veka. Eit døme kan vere at du vil vite saldo på kontoen din kvar fredag kl. 16:00.
Pris for bruk av tenesta finn du i prislista vår.
Mobilbank
For å kunne ta i bruk mobilbanken, må du på førehand ha nettbankavtale hjå oss. I tillegg må mobiltelefonnummeret ditt vere registrert i kunderegisteret vårt.
Før du kan logge inn i mobilbanken, må du aktivere appen ved å identifisere deg. Etter å ha identifisert deg, får du tilsendt ein aktiveringskode på SMS som du tastar inn i registreringsprosessen.
Aktivering er noko du gjer første gongen du startar appen etter installasjon. Deretter kan du enkelt logge inn med den 4-sifra koden du valde, eller med fingeravtrykk viss telefonen din støttar dette.
Aktivering av Mobilbank:
- Last ned Mobilbank-appen vår frå App Store eller Google Play
- Identifiser deg med BankID, BankID på mobil eller nettbankpassord og kodebrikke
- Tast inn aktiveringskode som du mottek på SMS
- Vel ein 4-sifra kode
- Aktiver fingeravtrykk viss telefonen din støttar dette
Du kan aktivere Mobilbank frå du er 10 år. For informasjon om aktivering – sjå punktet ovanfor.
Ja, viss telefonen din støttar dette. Du vel dette som ein del aktiveringsprosessen.
Dei kontoane du har valt å vise på startsida i nettbanken din, vil vere dei kontoane som også er tilgjengelege i mobilbanken. Det vil seie at dersom du under Kontoinnstillingar i nettbanken har valt å skjule ein eller fleire kontoar i nettbanken din, så vil dei same kontoane heller ikkje vere tilgjengeleg i mobilbanken.
Endring av beløpsgrense for Mobilbank kan du sjølv gjere i mobilbanken eller nettbanken din. Gå til Betalingsinnstillingar som du finn under kategorien Innstillingar i hovudmenyen. Beløpsgrensa du du set vil gjelde for både Nettbank og Mobilbank.
Du må vere fylt 18 år for å kunne gjere dette sjølv.
På lik linje med nettbanken kan mobilbanken brukast over alt der du har tilgang til internett. Me tilrår å bruke trådlaust nettverk (WiFi) i utlandet, då datakostnadane på mobil kan bli høge.
Mobilbanken er laga for iOS- og Android-telefonar, og må som minimum ha:
iOS: Android: |
Versjon 11.0 eller nyare Versjon 5.0 eller nyare |
Dersom du har gløymt den 4-sifra koden din, må appen reaktiverast. Dette kan anten gjerast ved å klikke på Gløymt kode på innloggingssida, eller ved å avinstallere appen og installere den på nytt.
Du kan sjølv sperre mobilbanken i nettbanken din. Vel Sperre mobilbank under Innstillingar i hovudmenyen.
Viss du mistar mobilen din er det viktig å sperre mobilbanken. Dette gjer du sjølv i nettbanken din – sjå punktet ovanfor.
3D Touch er ein funksjonalitet som nyare iOS-telefonar har. Ved å bruke 3D Touch på ikonet for mobilbanken, får du tilgang til to nyttige funksjonar – Saldosjekk og Snarvegar til ofte nytta funksjonar.
Med Saldosjekk kan du enkelt sjekke disponibelt beløp på primærkontoen din ved å bruke 3D Touch på app-ikonet på telefonen. Funksjonen hentar automatisk disponibelt beløp på primærkontoen, og du treng såleis ikkje taste inn personleg kode eller bruke fingeravtrykk for å sjekke saldo.
Med Snarvegar får du enkel tilgang til funksjonane overføring, betaling, forfall og siste transaksjonar. Snarvegane visar når du brukar 3D Touch på app-ikonet på telefonen. Når du klikkar på ein av snarvegane må du logge inn i mobilbanken med personleg kode eller fingeravtrykk. Etter at innlogging er gjennomført kjem du rett til den funksjonen du valde.
Widget er ein liten programmodul ofte fylgjer med ein app du lastar ned. Ein widget viser gjerne informasjon som brukaren ofte har bruk for.
Widget-en som fylgjer med Mobilbank-appen vår viser deg saldo på primærkontoen din utan at du treng å logge inn i mobilbanken. Du aktiverer widget-en i widget-menyen på telefonen din.
Widget er tilgjengeleg for både iOS- og Android-telefonar.
BankID
BankID bestiller du sjølv i nettbanken din:
- Logg inn i nettbanken med kodebrikka du har fått frå banken.
- Vel «BankID og BankAxess» i menyen.
- Du vert leia gjennom ein enkel bestillingsprosess.
- Passord for BankID får du på e-post.
- Din BankID vil vere aktivert og klar til bruk etter kort tid.
Du kan få BankID frå alle bankar du har eit kundeforhold til. Ein BankID kan brukast på tvers av bankar i Noreg, og ei rekkje andre nettstader. Du treng difor i utgangspunktet berre ein BankID.
Dersom du har gløymt BankID-passordet ditt, kan du nullstille dette sjølv ved å klikke «Gløymt BankID passord» på sida for innlogging med BankID. Dersom du ikkje får til å endre passordet sjølv, må du ta kontakt med banken.
Når du brukar BankID kan du endre passordet ditt etter at du har lagt inn fødselsnummer, eingongskode og passord i innloggingsprosessen. Etter å ha tasta inn passordet ditt, vil du få opp ein knapp som heiter «Endre passord». Klikk på denne for å legge inn eit nytt BankID-passord.
Viss du har mistanke om at BankID-passordet eller kodebrikka er på avvegar, må BankID sperrast. Dette kan du gjere sjølv i nettbanken. Du kan også sperre BankID ved å ringe banken si sperreteneste på telefon 56 52 03 00 og taste 2.
BankID er laga for å fungere på dei vanlegaste kombinasjonar av nettlesarar og operativsystem. Det finst mange kombinasjonar av desse operativsystema og nettlesarane, og det kan hende at enkelte kombinasjonar ikkje fungerer. I slike tilfelle kan maskina måtte oppgraderast for å kunne bruke BankID.
Du kan teste maskina di på www.bankid.no.
BankID App
BankID-app er ei digital kodebrikke som kan nyttast i staden for den fysiske kodebrikka når du skal logge inn eller signere med BankID. I staden for å taste inn eingongskode, mottek du eit varsel på mobilen din som ber deg om å godkjenne i appen. Når du har gjort dette, går du tilbake til nettsida for å fullføre identifiseringa med det personlege passordet ditt.
Du må fyrst velje BankID og fylle inn fødselsnummer. Fyrste gong etter aktivering av appen, må du velje BankID-app som metode. Sjølv om appen er på mobilen, skal du ikkje velje BankID på mobil.
Viss dette ikkje skjer, kan du byte metode for innlogging sjølv. Klikk på «Velg annen BankID» under feltet med eingongskode. Vel «BankID-app» i lista, og trykk deg vidare. Då vil vindauga endre seg til BankID-app og be deg fylgje instruksane på mobilen din.
Passordet gjer identifiseringa endå meir sikker, fordi det berre er du som kan det personlege passordet ditt. Oppgje aldri passordet til andre.
Du finn BankID App i AppStore eller Google Play. Deretter aktiverer du appen ved å identifisere deg med din eksisterande BankID eller BankID på mobil. Førebels er det kun personar med BankID frå enkelte bankar som kan nytte BankID App.
Då har du mest sannsynleg slått av varslingar på mobilen din. Opne appen og slå på varslingar ved å trykkje på feilmeldinga som ligg synleg på heim-skjermen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gong du skal godkjenne ei identifisering.
Førebels er det kun personar med BankID frå enkelte bankar som kan nytte BankID App.
Viss du får denne meldinga: «Du kan dessverre ikke aktivere appen. Din BankID er utstedt fra en bank som ikke støtter app som kodebrikke.», så tyder det berre at banken din ikkje er heilt klar til å byte til digital kodebrikke endå. Me jobbar med å få fleire bankar med på laget. Er du usikker på kva bank du har BankID frå, kan du logge inn på Min BankID.
Etter du har godkjent ein førespurnad i BankID App, må du sjølv gå attende til nettlesaren eller appen du prøver å logge inn i, for å fullføre identifiseringa med det personlege passordet ditt.
Viss du har gått attende til nettlesaren eller appen, og du framleis opplever å ikkje kome vidare, kan det vere at det har skjedd ein feil. Viss det kjem opp ei feilmelding, er det fint om du merkar deg den og kontaktar kundeservice i banken din.
Appar er faktisk sikrare enn den fysiske kodebrikka, fordi du i tillegg kan verne mobilen din med ein kode som berre du kjenner til. App som kodebrikke er altså litt tryggare og mykje enklare!
BankID, med både fysisk eller digital kodebrikke oppfyller tryggleiksnivå 4, som er det strengeste tryggleikskravet for digital identifisering i Europa.
Ja, det er heilt gratis å bruke BankID App som kodebrikke når du loggar deg inn eller signerer med BankID.
Då må du laste ned appen på nytt, og aktivere den ved å logge inn med BankID eller BankID på mobil.
Nei, du må framleis ta godt vare på den fysiske kodebrikka di. BankID App er førebels berre eit alternativ til den eksisterande kodebrikka frå banken din. Du treng den i tilfelle du må laste ned og aktivere appen på ein ny telefon. Då må du nemleg å logge inn med BankID for å aktivere appen på nytt. Men me jobbar med å forenkle BankID, slik at du i framtida ikkje treng fysisk kodebrikke.
BankID på mobil
- Logg inn i nettbanken – anten med brukarnamn og passord eller BankID.
- Vel «BankID og BankAxess» i menyen.
- Bestillingsprosessen vil føregå både i nettbanken og på mobiltelefonen din.
- Du legg sjølv inn PIN-kode (ID-PIN) du ynskjer å bruke for BankID på mobil.
- Bestillinga er gjort på få minnutt, og du får SMS når BankID på mobil er aktivert og klar til bruk.
Alle mobiloperatørar tilbyr bruk av BankID på mobil.
Les meir på www.bankid.no.
SIM-kortet ditt må vere klargjort for BankID på mobil. Nyare SIM-kort støttar stort sett BankID på mobil, men dersom du har eit eldre SIM-kort må du kanskje bestille nytt hjå mobiloperatøren din.
Test ditt SIM-kort og mobiltelefon, før du går i nettbanken og bestiller BankID på mobil.
Ja. Du kan ha både «vanleg» BankID og BankID på mobil.
Sjølv om du med BankID på mobil kan sleppe kodebrikka ved til dømes innlogging i nettbanken, må du likevel ta godt vare på brikka. Du vil trenge den i dei tilfella du må bruke «vanleg» BankID til innlogging eller signering. Du treng også brikka i tilfelle du må bestille BankID på mobil på nytt.
AvtaleGiro
- Betal rekninga på vanleg måte i nettbanken. Når du har stadfesta betalinga, vil du få opp tilbod om å opprette AvtaleGiro dersom mottakaren tilbyr dette.
- Dersom du vel å ikkje opprette AvtaleGiro når du betalar rekninga, kan du når som helst gå inn på «Opprette AvtaleGiro» under «Betalingsavtalar» i hovudmenyen, og opprette avtalen der.
- Du kan også søke etter mottakaren i nettbanken, og opprette avtalen manuelt. Du vil då måtte legge inn KID-nummeret som du finn på papirfakturaen frå mottakaren.
- Nokre betalingsmottakarar har også lagt til rette for å opprette AvtaleGiro direkte frå sine eigne nettsider. For å opprette AvtaleGiro på denne måten må du ha BankID.
- Ta med deg rekninga i banken, så opprettar me avtalen for deg.
På kvar enkelt AvtaleGiro-avtale du inngår vert det sett ei maksimumsgrense for kor stort beløp betalingsmottakaren kan trekke frå kontoen din. Betalingar som overstig denne grensa vil verte stoppa. Det kan vere lurt å setje denne beløpsgrensa ein del høgare enn normalt fakturabeløp, slik at du unngår at rekningane dine vert stoppa. Beløpsgrensa kan du endre i nettbanken ved å gå inn på den aktuelle AvtaleGiro-avtalen i oversikta over betalingsavtalar.
Når du opprettar AvtaleGiro kan du sjølv velje om du ynskjer å verte varsla om betalinga på førehand. Standarden er at du får varsel.
Det kan ta ei stund før AvtaleGiro-avtalen er aktiv, og eventuelle rekningar du mottek i posten i mellomtida må betalast som normalt.
Du kan stoppe ei enkelt AvtaleGiro-betaling ved å gå inn i forfallsmappa. Vel den aktuelle betalinga i oversikta, og klikk på funksjon for å stoppe denne.
Dersom du ynskjer å avslutte ein AvtaleGiro-avtale med ein betalingsmottakar, gjer du det ved å gå inn i oversikta over betalingsavtalar i nettbanken din. Vel den aktuelle avtalen, og slett denne. Betalingsmottakar vil få melding om at du ikkje lenger ynskjer å betale med AvtaleGiro. Når ein AvtaleGiro-avtale vert sletta, vil også tilhøyrande betalingar i forfallsmappa verte sletta.
eFaktura
- Den enklaste måten å opprette eFaktura på er å inngå avtale om automatisk mottak av eFaktura. Etter at denne avtalen er oppretta vil du automatisk få alle rekningar som eFaktura frå dei betalingsmottakarane som tilbyr eFaktura. Du slepp såleis å inngå avtale med kvar enkelt mottakar. Gå til «Opprette AvtaleGiro / eFaktura» i hovudmenyen får å opprette avtale.
- Dersom du ikkje ynskjer å motta eFakturaer automatisk, kan du opprette avtale med ein og ein betalingsmottakar manuelt. Dette gjer du også under menyvalet «Opprette AvtaleGiro / eFaktura» i hovudmenyen. Avtale kan opprettast ut frå forslag som er danna på bakgrunn av tidlegare rekningar du har betalt, eller du kan søkje etter betalingsmottakar. I det siste tilfellet vil du måtte legge inn eFaktura-referansen som du mellom anna finn på papirfakturaen frå mottakaren.
I god tid før forfall får du rekninga tilsendt i nettbanken / mobilbanken din. Kontonummer, beløp, KID og forfallsdato vil vere ferdig utfyllt, og du kan også opne sjølve fakturaen for å kontrollere at alt stemmer. Viss fakturaen er korrekt, godkjenner du enkelt og greitt betalinga, og den vert lagt til forfall.
Når du opprettar avtale om ein eFaktura, får du spørsmål om du ynskjer melding på e-post når nye fakturaer vert sendt til deg. Svar ja på dette, og legg inn e-postadressa di. Du vil også finne mottekne eFakturaer godt synleg på startsida i nettbanken og mobilbanken.
Ja. Du kan endre beløp og forfallsdato, og du vel sjølv kva konto du ynskjer å betale rekninga frå.
Nei. Viss du kun har eFaktura-avtale med ein mottakar, må du sjølv godkjenne betalinga i nettbanken din. eFaktura kan også kombinerast med AvtaleGiro. Du får då fakturagrunnlaget elektronisk i nettbanken din, medan sjølve betalinga vert utført automatisk på forfallsdato som ein AvtaleGiro.
Ein eFaktura-avtale vert knytt opp mot deg som person, og ikkje banken din. Dersom du er kunde i fleire nettbankar, vil du motta dine eFakturaer i alle desse nettbankane. Du kan såleis velje kva konto / nettbank du vil betale fakturaen i frå. Når du har godkjent eFakturen i ein av nettbankane dine, vil den ikkje lenger vere tilgjengeleg i dei andre nettbankane dine.
eFaktura-referansen identifiserer deg i eFaktura-systemet. Du vil finne eFaktura-referansen på forrige papirfaktura du fekk frå betalingsmottakaren.
Historikk om betalte eFakturaer vil kun vere tilgjengeleg i den nettbanken du brukte til betaling. eFaktura i kombinasjon med AvtaleGiro, er alltid tilknytt banken der AvtaleGiro-avtalen er oppretta.
BankAxess
Avtale om BankAxess opprettar du sjølv i nettbanken din under menyvalet «BankID og BankAxess». For å kunne bruke BankAxess må du også ha BankID i Voss Sparebank. Dersom du ikkje har BankID frå før, kan du først bestille BankID, og deretter inngå avtale om BankAxess.
Etter å ha valt BankAxess som betalingsmåte i nettbutikken du handlar i, identifiserer du deg med BankID ved å taste inn personnummeret ditt. Du vil deretter få opp eit BankID-skjermbilete som du ser eksempel på nedanfor. Her kontrollerer du at beløp og andre opplysningar stemmer, før du signerer betalinga ved å taste inn sikkerheitskode frå kodebrikka di og det personlege BankID-passordet ditt.
Betaling med BankAxess kan gjennomførast på to ulike måtar – anten som direkte betaling eller som forseinka betaling. Ved direkte betaling skjer betalinga på bestillingstidspunktet, og beløpet vert belasta kontoen din umiddelbart. Ved forseinka betaling vert betalinga utført først når nettbutikken sender / leverer vara eller tenesta. I begge tilfella må det vere dekning på konto på betalingstidspunktet for å verte godkjent.
Nei. Du kan berre ha ein BankAxess-avtale, og denne kan berre vere knytt til ein konto om gongen. Kontoen må vere ein brukskonto. Du kan endre BankAxess-kontoen i nettbanken din.
BankAxess kan du nytte i alle norske nettbutikkar som tilbyr BankAxess som betalingsmåte. Føresetnaden er at du har inngått BankAxess-avtale som nemnt ovanfor. Alle nettbutikkar som tilbyr BankAxess som betalingsmåte, skal nytte korrekt logo eller merkenamnet BankAxess på sine nettsider. Dette er for at du skal vere sikker på at du nyttar ei trygg løysing.
Logoen til BankAxess ser slik ut:
Utanlandsbetaling
Dersom du ikkje har nettbank, kan du fylle ut skjemaet du finn nedanfor med dei nødvendige opplysningane. Skjemaet kan du levere i banken eller sende til oss på e-post, faks eller i posten. Me ynskjer også at du skriv på eit telefonnummer slik at me kan kontakte deg dersom noko er uklart.
Skjema for betaling til utlandet (pdf)
Skjema for betaling til utlandet – english version (pdf)
Døme på utfylling av skjema (pdf)
IBAN står for International Bank Account Number, og er ein internasjonal standard for bankkontonummer. Innanfor EU og EØS-området må IBAN brukast ved betaling til og frå utlandet.
Bruk IBAN-kalkulatoren til å generere IBAN-kontonummer på konti du har i Voss Sparebank. Du finn også IBAN-kontonummeret på kontoutskrifta di.
Ordinære betalingar innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 2 til 4 bankdagar. Ordinære betalingar til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar. Hastebetaling innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 0 til 2 bankdagar. Hastebetaling til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar.
Til enkelte land kan det ta inntil 15 bankdagar eller meir før betalinga er framme.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om betaling til utlandet.
IBAN-kalkulator
IBAN er basert på ditt eksisterande kontonummer i Voss Sparebank. Skriv inn kontonummeret ditt i feltet nedanfor for å generere IBAN for denne kontoen.
Ver merksam på at dei to første teikna i IBAN-nummeret er bokstavane NO.
BIC / SWIFT-adressa til banken er DNBANOKKXXX.