Gå til sideinnhold
Heim / Låne / Fastrentelån
Bilete - Illustrasjon Lån

Fastrentelån

Eit fastrentelån har ei fast rente over ein avtalt periode, vanlegvis 3 eller 5 år. Det betyr at renta ikkje endrar seg, uansett kva som skjer i marknaden. Fastrentelån er godt eigna for dei som ynskjer tryggleik og forutsigbarheit i økonomien sin.

Kjenneteikn på fastrentelån

På eit fastrentelån er renta låst til same nivå i ein avtalt periode. I denne perioden kan banken ikkje endra renta. Det betyr at du betalar same rente sjølv om marknadsrenta endrar seg. Det gjeld både når renta går opp og når ho går ned. Ein kan sjå på fastrente som ei forsikring mot renteendringar.

Eit anna kjenneteikn er at du ikkje kan gjera endringar på lånet i fastrenteperioden, utan at det utløyser kostnader.

Banken kan gje inntil 85 % av bustaden sin verdi i fastrentelån. Det er mogleg å dela opp bustadlånet i eit fastrentelån og eit lån med flytande rente.

Fordelar med fast rente

  • Du har full kontroll på låneutgiftene dine, då du har same rentesats gjennom heile avtaleperioden.
  • Banken kan ikkje endra renta på lånet ditt i fastrenteperioden.
  • Du betalar den same renta, uavhengig av om marknadsrenta går opp eller ned i fastrenteperioden.

Ulemper med fast rente

  • Om marknadsrenta går ned og vert lågare enn fastrenta, må du framleis betala den renta du har avtalt med banken.
  • Om du vil betala inn ekstra eller nedbetala lånet tidlegare enn avtalt, kan det utløysa kostnadar, kalla rentetapserstatning (overkurs).
  • Du kan ikkje søkja om avdragsfridom på eit fastrentelån.
  • Totalt sett er fastrentelån ei mindre fleksibel løysing dersom ein ynskjer å gjera endringar på lånet undervegs.
Dette skjer når fastrenteperioden nærmar seg slutten
  • I god tid før avtaleperioden for fastrentelånet går ut, vil du få tilbod om ny fastrente.
  • Om du ikkje aksepterer tilbodet om ny fastrente, går lånet over til gjeldande flytande rente.

Kontakt oss

Viss du har ein fast rådgjevar, kan du ta kontakt med rådgjevaren din direkte. Har du ikkje fått tildelt ein fast rådgjevar, kan du kontakta oss på telefon eller e-post, og me finn ein rådgjevar som kan hjelpa deg.

Våre rådgjevarar for privatmarknaden gjev deg gjerne råd og rettleiing om lån, sparing og forsikring.