Fleksilån
Med fleksilån har du pengar disponibelt når du treng dei. Du bestemmer sjølv kor tid du vil ta ut og betala tilbake pengar på lånet.
Handlefridom til låg pris
Fleksilån gjev deg ein kreditt som du kan nytta etter eige ynskje. Du betalar tilbake når det måtte passa deg.
Fleksilån må vera sikra med pant i eigen bustad, og vera innanfor 60 % av bustaden sin verdi.
Fordeler med Fleksilån
- Avgjer sjølv når og kor mykje du vil bruke av kreditten.
- Pengar tilgjengeleg når du treng det.
- Du treng ikkje søkja kvar gong du har behov for pengar.
- Overfør pengane frå fleksilånet til brukskontoen.
- Du betalar berre renter av beløpet du til ei kvar tid nyttar.
- Nedbetaling gjer du når det høver deg.
Kontakt oss
Viss du har ein fast rådgjevar, kan du ta kontakt med rådgjevaren din direkte. Har du ikkje fått tildelt ein fast rådgjevar, kan du kontakta oss på telefon eller e-post, og me finn ein rådgjevar som kan hjelpa deg.