Gå til sideinnhold
Heim / Låne / Fyrsteheimslån
Bilete - Illustrasjon Lån

Fyrsteheimslån

Fyrsteheimslån er for deg mellom 18 og 34 år, som skal kjøpa din aller fyrste bustad.

Fyrsteheimslån (FHL) er for deg som skal inn på bustadmarknaden for fyrste gong. Banken ynskjer å satse på deg som er ung, og dette lånet har difor lågare rente enn andre bustadlån. Om de er to låntakarar, er det alderen til den yngste som gjeld. Det er tilstrekkeleg at det er fyrste bustadkjøp for ein av dykk. Det er eit vilkår at du skal bu i bustaden sjølv.

Fordelar med Fyrsteheimslån

  • Du får banken si beste bustadlånsrente.
  • Fast personleg rådgjevar som du kan snakka med.
  • Me er tilgjengelege og gjev deg raske svar.

Kva skal til for å få lån?

Det er utlånsforskrifta som set reglane for kva som skal til å få lån. Alle bankane i Noreg må fylgje denne forskrifta.

  • Den totale summen av alle låna dine kan ikkje vera større enn fem gonger inntekta. Dette er ei øvre grense, og det er ikkje alle som kan låna så mykje.
  • Budsjettet ditt må gå i pluss, og økonomien må tåla ein renteoppgang på 3 %.
  • Du må ha god betalingshistorikk. Det betyr at du må ha betalt rekningane dine i tide. Me gjer kredittsjekk på alle som søkjer lån.
  • Hovudregelen er at banken kan gje inntil 85 % av bustaden sin verdi i bustadlån. Dei resterande 15 % må ein henta frå sparepengar eller nytta kausjonist. På dette punktet kan det likevel vera mogleg å finna andre løysingar om dei andre punkta er oppfylt.

Avtal rådgjevingsmøte

Hugs på at bustadkjøp er ei investering som påverkar økonomien din over lang tid. Det er difor viktig at du skaffar deg god oversikt over økonomien din.

Ta kontakt med oss for ein reell gjennomgang av den økonomiske situasjonen din, og ei vurdering av kor stort bustadlån du kan, eller bør ha.

Set av god tid til møtet, og avtal tid på førehand, så slepp du å måtte venta til rådgjevaren skal verta ledig.

Kontakt oss

Viss du har ein fast rådgjevar, kan du ta kontakt med rådgjevaren din direkte. Har du ikkje fått tildelt ein fast rådgjevar, kan du kontakta oss på telefon eller e-post, og me finn ein rådgjevar som kan hjelpa deg.

Våre rådgjevarar for privatmarknaden gjev deg gjerne råd og rettleiing om lån, sparing og forsikring.

Bustadlånkalkulator

kr
kr
kr
%
Månadleg:
Nominell rente:
%
Effektiv rente:
%
Totalpris over år:
kr

Skjul nedbetalingsplan