Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Kundeval 2022
Bilete - Illustrasjon Val

Kundeval 2022

Generalforsamlinga er høgste avgjerdsmakta i Voss Sparebank. Ni av medlemene i generalforsamlinga er valt av og mellom kundane i banken. Gjennom kundevalet kan du vera med å påverka kven som skal representera deg!

Kundevalet til generalforsamlinga vert halde tysdag 22. februar 2022 kl. 16:30 i forstandarskapssalen i Voss Sparebank.

Om smittesituasjonen krev det, vert det digital løysing og ikkje fysisk oppmøte.

Det skal veljast tre medlemar for fire år.

Viktige datoar

2. februar
Frist for framlegg til kandidatar

8. februar
Valliste vert lagt ut

17. februar
Frist for påmelding til valmøte

22. februar
Valmøte 2022

Kven kan røysta på kundevalet?

Kundar som har, og i dei siste seks månadene har hatt eit innskot i Voss Sparebank på minst 2.500 kroner, har røysterett på kundevalet.

Berre myndig person kan, som personleg innskytar eller som representant for annan innskytar, røysta ved valet.

Ingen kan ha meir enn to røyster; ei på grunnlag av eige innskot og ei som representant for annan innskytar.

Det er krav om personleg frammøte for å røysta på valmøtet. Kundar som ynskjer å nytta røysteretten på kundevalet, må gje melding til banken om dette innan 17. februar 2022.

Korleis koma med framlegg til kandidatar?

Kundar med røysterett kan koma med framlegg til kandidatar til medlem av generalforsamlinga. Det er eit krav at kandidaten også har røysterett. Framlegget skal omfatta namnet til kandidaten, fødselsår, dato, yrke og adresse.

Send oss framlegget ditt innan 2. februar 2022.

Me oppmodar flest mogleg til å ta del i valet og til å koma med framlegg til kandidatar.

Meir informasjon

Basert på innkomne framlegg til kandidatar, utarbeider valnemnda i Voss Sparebank ei valliste.

Denne vallista vert lagt ut i banken sine lokale og her på banken si heimeside to veker før valet.

Liste over medlemar og varamedlemar i generalforsamlinga, med opplysningar om kven som er på val og annan relevant informasjon, vert lagt fram i banken og på heimesidene.

Kontaktinformasjon

Kontakt oss på [email protected] eller på 56 52 03 00.