Gå til sideinnhold
Heim / Nynorskbanken / Aktivitetsbygda Voss
Bilete - Nesheimstunet

Aktivitetsbygda Voss

Voss er ei aktivitetsbygd. Det skjer mykje kring oss med lagsliv og næringsliv. Voss Sparebank har vore pådrivar sidan 1843, og skal halda fram med dette.

Me er stolte av bygda vår, og at det det er ei bygd der me får til mykje i lag. Banken er støttespelar på fleire område, med eit brennande ynskje om å gjera Voss til ein endå betre stad å bu.

Voss Sparebank brenn og for nynorsk, og er til liks med vossingane ambassadør for nynorsken. Det fell oss naturleg, og me legg ned stor innsats for at kommunikasjon og digitale løysingar er på nynorsk. Me er stolte av denne filmen me har laga om bygda. Finn storskjermen og nyt den i lag med oss.