Gå til sideinnhold
Heim / Nynorskbanken / Målprisen 2019
Bilete - Målprisen

Målprisen 2019

Voss Sparebank vart tildelt Voss mållag sin målpris for 2019. Nynorsk alltid vore i fokus og det naturlege valet for banken. Det var difor stas å få tildelt denne prisen.

Ved mange vegskilje har banken teke med seg nynorsken vidare. I nyare tid har fokus og innsats i stor grad vore retta mot digitale flater. Banken har alltid hatt nynorsk nettbank og mobilbank. I tillegg til at kunderetta informasjon held ei nynorsk språkdrakt. Banken jobbar framleis med dette, og har fokus på å ta nynorsken inn i nye digitale flater som kjem.

Det er difor stas å motta målprisen frå Voss mållag. Me tolkar dette som ei stadfesting på at innsatsen, gjennom mange år, vert sett pris på. Og det er til stor motivasjon for å halda fram med stor innsats for nynorsken. Under kan de lesa grunngjevinga/talen frå leiar i Voss mållag, Eirik Helleve.



«Voss mållag deler med ujamne mellomrom ut Målprisen. Den går til personar eller verksemder som har gjort ein stor innsats for det nynorske språket, eller som bruker nynorsk på ein god og sikker måte.

Det er ikkje vanskeleg å finna gode kandidatar til ein slik pris. Det er gledeleg at mange unge folk og nyare verksemder er sikre nynorskbrukarar. Voss mållag er ikkje åleine om å dela ut målprisar, og andre har gjeve prisar til Linda Eide, Kari Traa, Myrkdalen og Skigutane. Målprisen går denne gongen til nokon med langt lengre fartstid enn desse.

Prisen går til ei tradisjonsrik verksemd, og det er ei verksemd som er oppteken av å fylgja med i tida. Dei er viktige for bygda, men har òg eit langt større nedslagsfelt. Leiaren i Noregs mållag, som er busett i Fredrikstad, er faktisk kunde i denne verksemda.

Vinnaren er i dag ein svært sikker nynorskbrukar, dei bruker nynorsk i alt dei gjer. Dei har fleire gonger vore med på nynorske nyvinningar. I 1940, ved inngangen til den andre verdskrigen, var denne verksemda med då det for fyrste gong vart laga pengesetlar med nynorsk tekst. Mange år seinare, i 2004, lanserte dei saman med Volda og Ørsta Sparebank på Sunnmøre den fyrste nynorske nettbanken i landet. Det er altså ein bank me skal fram til, og dei fleste har nok skjønt kva bank det er. Dei som er usikre, kan skriva nettadressa nynorskbanken.no inn i ein nettlesar.

I tillegg til alt dette hjelper det òg på at banken, slik Linda Eide sa i fjor sommar, har ein banksjef som er 43 år gamal, men har ein dialekt som ein 80 år gamal vossing.

Målprisen 2019 går til Voss Sparebank. Eg bed banksjef Jørund Rong koma fram for å ta mot prisen, som er eit kunstverk av Stine Eide.»