Gå til sideinnhold
Heim / Nynorskbanken / Nynorsk nettbank
Bilete - Illustrasjon Nettbank

Nynorsk nettbank

I Voss Sparebank er me opptekne av å kommunisera med kundane våre på nynorsk der dette er mogleg. Dette er ikkje alltid enkelt, då systema ofte har bokmål som standard og ikkje kan endrast.

I 1997 lanserte Voss Sparebank tilbod om banktenester via internett. Dette var starten på det me no kjenner som nettbanken. Den gongen måtte me kjøpa inn løysingar som var utvikla på bokmål, så allereie då starta me arbeidet med å utvikla ein nynorsk versjon av nettbanken. Saman med Sparebanken Volda Ørsta arbeidde me med dette heilt fram til 2004, då me endeleg kunne lansera vår eigen nynorske nettbank. Me var soleis ein av dei to fyrste bankane i Noreg som kom med nettbank på nynorsk.

Utviklinga innan mobiltelefoni gjekk fort, og i 2011 lanserte me mobilbanken. Mobilbanken vår har vore på nynorsk frå dag ein, og me er stolte over å ha ein slik viktig kanal på nynorsk.

Me vonar Ivar Aasen hadde vore nøgd med nettbanken og mobilbanken til Voss Sparebank.