Gå til sideinnhold
Heim / Nynorskbanken / Steffenssetelen
Bilete - Illustrasjon Steffenssetel

Steffenssetelen

Visste du at det vart trykt pengesetlar med nynorsk tekst på Voss i april 1940?

I aprildagane i 1940 var det mykje folk på Voss. Den militære overkommandoen for Vestlandet var samla her, og i tillegg var det mange sivile som hadde flykta til Voss. Det var akutt mangel på kontantar. Ein mangla pengar både til proviant og til å betala ut løn. Løysinga vart at sjefen for dei norske styrkane på Vestlandet, generalmajor William Steffens i lag med Voss Sparebank fekk trykt opp naudsetlar.

Generalmajoren innhenta telefonisk løyve frå Noregs Bank til å utferda setlar, med statleg garanti. Det var trykkeriet til avisa Hordaland som trykte setlane, som var dei fyrste setlane i Noreg som fekk nynorsk tekst.

Setlane hadde generalmajor Steffens sin signatur, og dei fekk difor namnet Steffenssetlar. Den 15. april vart det vedteke i styret i Voss Sparebank at gjeldsbreva med Steffens si underskrift «vert mottekne av Voss Sparebank som betalingsmiddel ved sida av Noregs Banks setlar».